Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innan to år må avgjerda takast

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 5. juli 2023

Tysdag kveld var representantar frå idrettslag, historielag og bøgdalag inviterte til eit idemyldringsmøte på Todalshytta for det vidare arbeidet med gjenbruk av den nedlagte skulebygninga. Møtet var initiert av kommunen ved kommunedirektør Knut Haugen og ordførar Margrethe Svinvik, som eit ledd av prosessen som starta etter fellesmøtet på mai i fjor. For dei som treng ei oppfriskning vart det her bestemt at bygda, kommunen og andre interessenter fekk tre år på seg til å finne gode alternativ til gjenbruk, før ein tok den endelege avgjerda vidare for byggningane på den nedlagte skulen.

Fleire vil kanskje påstå at lite har vore gjort med saka i etterkant, men heilt stillstands har det ikkje vore. Kommunen gjekk i etterkant breitt ut til at alle som kunne ha interesse av bygget i ein eller annan form med oppmoding om at dei måtte ta kontakt. Det har også vorte avsett 70 000 kroner på driftsbudsjettet til kommunen slik at Todalen Idrettslag kan låne gymsalen gratis for organisert aktivitet to dagar i veka desse tre åra. Og no sist har barnehagen vorte ombygd til bustad og 7 flyktningar er klare til å flytte inn.

Kartlegginga til kommunen i fjor haust/vinter resulterte ikkje til nokre aktuelle løysingar, og innspelet til Ap sist månad om ombygging til fire bueinheiter hadde nok sett tankane i sving både hos innbyggjarane i Todalen og på Kommunehuset.

Dei frammøtte var einige i at ein no måtte bruke fornufta og ikkje følelsane for den vidare framdrifta for bygningane. -Om vi innst inne veit at vi ikkje klarar å få til eit boligprosjekt av skulen på eitt eller anna vis, så kan vi like godt rive den etter dei tre åra denne prossessen skulle ta, meinte nestleiar i Idrettslaget, Endre Talgø. Og fekk einstemmig oppslutning på det. -Bygget kan ikkje bli eit spøkelseshus som skjemmer bygda med eit forfall som allerede dessverre er påbegynt. Da må vi berre innsjå at riving faktisk er det beste, samstemte John Moe som representerte Todalen Historielag denne kvelden.

Kommunen fekk dermed ei konkret bestilling i møtet; Dei skal no gå direkte ut til alle aktuelle utbygjarar i regionen for å høyre om dei har interesse av å realisere eit boligprosjekt i den gamle bygningsmassen slik som Helge Røv og andre i Ap ytrar behov og ønske om skal gjerast. -Med dette konkrete forslaget får vi ein gong for alle svaret på om nokon i utbyggarbransjen i regionen overhode er interessert i å satse på boligprosjekt i bygget slik som Røv foreslår, meinte Elinor Bolme. -Og får vi ikkje napp, så legg vi den ballen død. Kommunedirektør Knut Haugen presiserte at kommunen ikkje kan stå som utbyggar i eit slikt prosjekt, som kanskje Røv sin interpellasjon kunne tolkast som. Men å bistå for å realisere gjer dei naturleg vis.

Uteområdet med ballbingen vart også tema for gangen vidare i prosjektet. Ballbingen er godt bruka av ungane i bygda gjennom heile året, og noko riving blir ikkje aktuelt. Men å flytte den kom opp som eit forslag. Leikeapparat på uteområdet blir fjerna etter kvart som tilsyn krev dei demontert. Enn så lenge ønska leiaren i idrettslaget at dei oppmarna netta tilknytt ballbingen vart oppgradert på lik linje med nye nett på Øye etter store oppslag i sosiale medier. Dette vart naturleg vis innvilga, berre ho organiserte det sjølv. John Moe ba også om at flaggstonga vart demontert ved første anledning. Eit punkt som også Haugen og Svinvik hadde med seg til møtet. Så om nokon har behov for denne, blir ho gitt bort gratis.

Historielaget lagrar i dag Halsesamlinga i bibliotekbygget, og blir også påverka av kva utspel saka får. -Vi har med andre to år på å finne ein ny, betre og ikkje minst meir tilgjengeleg lokasjon for samlinga uansett utfall, konkluderte Ragnar Halle og John Moe etter endt møte.

Publisert: 5. juli 2023, 19:44