Fritidsrenovasjonen er ei utfordring i Todalen
I fjor endra Remidt hytterenovasjonen i Surnadal kommune. Dette inneber at søppeldunkane for renovasjon for Todalen vart flytta frå Talgø og Matkroken Todalen til Haugen vegkryss. Dette inneber mykje ekstra køyring for dei med hytter i Todalen når dei har fått meir enn dobla avstanden til søppeldunkane. Medan ein tidlegare kunne levere søppel samstundes som ein handla, må ein nå køyre 12 kilometer (ein veg) for å levere søppelposane sine