Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fritidsrenovasjonen er ei utfordring i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 25. september 2022

I fjor endra Remidt hytterenovasjonen i Surnadal kommune. Dette inneber at søppeldunkane for renovasjon for Todalen vart flytta frå Talgø og Matkroken Todalen til Haugen vegkryss. Dette inneber mykje ekstra køyring for dei med hytter i Todalen når dei har fått meir enn dobla avstanden til søppeldunkane. Medan ein tidlegare kunne levere søppel samstundes som ein handla, må ein nå køyre 12 kilometer (ein veg) for å levere søppelposane sine.  

For hyttefolket i Todalen er den næraste stasjonen ved Todalskrysset i Lykkjebygda. Frå hyttefeltet på Kårvatn er det altså 25 km kvar veg for å levere søppel. Det fører til at «enklare metodar» blir bruka. Foto Jon Olav Ørsal

 

Jon Are Husby har teke opp dette med Surnadal kommune Brev til Surnadal kommune – Jon Are Husby. Kommunedirektør Knut Haugen var rask til å svare, sjølv om det var laurdag, og han kan fortelje at kommunen har bedt om eit møte i løpet av 2 – 3 veker for å ta opp saka. 

Todalen bøgdalag har også teke opp saka med direkte med Remidt tidlegare i år. «Vi gjorde dette fordi vi opplevde at søppeldunkane våre på badeplassen i Sissigrenda vart nytta til ordinært søppel», noko vi meinte hadde direkte samanheng med at søppeldunkane for hytterenovasjon vart flytta seier leiar i Todalen bøgdalag Bjørn Gunnar Ansnes.

«Det blir feil at bøgdalaget må betale renovasjonsavgift til Remidt fordi Remidt vel ei anna plassering for sine søppeldunkar til hytteeigarane», legg han til.  «Vi fekk beskjed om at Remidt hadde fått få tilbakemeldingar om at plasseringa ikkje var god, men vi tek sjølvsagt i mot innspel», var svaret vi fekk seier Ansnes. Det har i ettertid vore mange som har teke kontakt med Remidt for å påpeike at plasseringa av søppeldunkane for hytteeigarar langt i frå er optimal, og mange undrar på kvifor ein, i ei tid med fokus på miljø og reduskjon i bilkøyringa, vel å plassere søppeldunkane akkurat der. 

Vi oppfordrar alle hytteeigarar som har synspukt i saka, om å ta kontakt med Remidt på telefon 72 48 37 00, slik at dei blir klar over at dette er eit problem som dei bør ta tak i.  

På plassen i Stangvika var det og tømt litt «spesialavfall» da vi var innom i dag. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. september 2022, 11:54