Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da er vegkantane rydda til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. mai 2022

I kveld var det ryddedugnad, for å rydde langs vegkantana rundt bygda, slik at det skal vere fint til 17. maifeiringa. Mange, både frå Start 4H og andre, møtte opp for å vere med på ryddedugnaden, så på ein stor time var alle vegkantane rydda.

Dugnadsgjengen møtte opp på Bordholmen stadion. Der vart det delt opp i seks plukkelag som fekk tildelt kvar si rode. Det vart plukka søppel langs vegkantane frå Sissigrenda og oppover til Gammelfabrikken, frå Bruset og utover på Todalsøra, samt på Bordholmvegen og Pilskarvegen.  

Det var lite søppel å finne! Foto: V A Ansnes

Dugnadsgjengen, var etter dugnaden, einige om at det var lite søppel langs vegkantane, Dette betyr at todalingane er flinke til å kaste søppelet sitt dit det skal, nemleg i søppeldunkane. Det er noko å vere stolte av!

Det var lite søppel å finne langs vegkantane. Foto: B G Ansnes

 

Først publisert: 12. mai 2022, 20:10 - Sist oppdatert: 27. april 2023, 06:24