Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med heile bygda til frukost på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mai 2022

PÅ grunnlovsdagen inviterte Todalen Idrettslag alle sambygdingar og andre interesserte til frukost på Bordholmen.  Og mange tok nok mot invitasjonen og på det meste vart det nok godt over hundre til bords på «uterestauranten» framfor klubbhuset.  Leiar i Todalen I.L., Elinor Bolme, tykte det var stor stas med det fine vêret og alt folket hun hadde til bords i formiddagstimane på grunnlovsdagen.

Bjørn Gunnar og Endre sørga for billettering – knappe 120 besøkande frukostgjestar enda dei opp på. Foto Jon Olav Ørsal

Etter den lange perioden med regn, slaps og vind, så kom nok denne dagen med sol frå skyfri himmel som bestillt for arrangøren Todalen Idrettslag.  Idrettslaget har forresten ein lang tradisjon med frokostservering på 17. mai, så opplegget her går på skinner – og sjølvsagt vart det nok mat til alle.  I år var det forresten sponsorar på frukosten – Todalen Meieri serverte 17. maiyoughurt i rødt, kvitt, og blått, medan Pestua gard sponsa egg til frukosten og Matkroken Todalen spanderte iskrem til alle barna som var der – og ikkje minst Todalen Sanitetsforening som støtta frukosten økonomisk. 

Frokostgjengen – frå venstre Endre Talgø, Bjørn Gunnar Ansnes, Elinor Bolme, Jorid H. Ansnes og Jenny Stensby – i tillegg var Lars Stensby med i gjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Det var nok dei fleste av deltakarane på biltoget som nytta høvet til å «fylle på» med frokst etter biltoget rundt bygda, så dette er nok eit populært innslag i feiringa av grunnlovsdagen som fortsett med gudsteneste og folketog før feiringa fortsett i Todalen ungdomshus med servering av sodd og tale for dag i tllegg til tradisjonelle leikar for borna.  

Bildegalleri frå frukosten på Bordholmen – sjå om du finn kjntfolk på bileta?   Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2022, 12:40