Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen bøgdalag Arkiv

Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.


Saklista til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. april 2024

Todalen bøgdalag gjennomfører årsmøtet sitt for 2024 i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. No er saklista til årsmøtet klar, og inneheld vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap. 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. mars 2024

Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. Vanlege årsmøtesaker står på saklista. Forslag ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til leiar i bøgdalaget, Svein Håvard Brøndbo, innan måndag 8. april. 


God stemning på «påskequizen»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. mars 2024

I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «påskequiz» i Todalen ungdomshus. Sondre Halset var quizmaster, og hadde laga ein god quiz med varierte spørsmål og vanskelegheitsgrad. Litt over femti møtte fram for å vere med på «påskequizen» og kjempe om dei to gåvekortpremiane på 500 og 200 på Matkroken Todalen.  


Minner om «påskequizen» på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. mars 2024

Todalen bøgdalag minner om «påskequzen» sin onsdag 27. mars frå klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Quizen tek til klokka 20:00. Det er Sondre Halset som er quizmaster denne gongen. Så har duu lyst til å quize og møte andre i påska, så er ungdomshuset rette staden på onsdag!


Hengebrua er komen i drift igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Sidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk.  I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar.  Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.


Inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. mars 2024

Todalen bøgdalag inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars (onsdag i den «stille uke») klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.

 


Populært med quiz

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. mars 2024

I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «skottårs-quiz», med Endre Talgø som quiz-master. Han hadde laga ein variert quiz, med både lokale og litt meir internasjonale spørsmål. Sia det var den internasjonale kvinnedagen i går, så hadde han også med fem spørsmål knytta til den. 


Inviterer til «skottårsquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. mars 2024

Fredag 8. mars klokka 20:00 inviterer Todalen bøgdalag til «skottårsquiz» i Todalen ungdomshus. Det blir premiering av dei to beste laga, så bøgdalaget oppfordrar til å kome og bli med på quiz, eller berre ta ein tur for å treffe folk! Det er Endre Talgø som er quizmaster denne gongen. 


Hengebrua har fått skadar etter stormen i går – advarer mot ferdsel

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. februar 2024

Litt over to år etter at hengebrua over Toåa i Brusetmarka over til Heggøysida, fekk skade av vind, har stormen som herja i går ettermiddag og kveld skada den ytre wiren slik at hengebrua har vorte skeiv. Svenn Rune Kjølstad, som er nabo til hengebrua, advarer på Oppslagstavle Todalen folk å ferdast over brua, spesielt no når det er snø og is, advarer han.  


Inviterer til «Skuddårsquiz» fredag 1. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. januar 2024

Todalen bøgdalag inviterer til «Skuddårsquiz» i Todalen ungdomshus fredag 1. mars klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:30. Quizmaster denne gongen er Endre Talgø, og bøgdalaget lover fine premiar til dei to beste laga! 


Bra med folk både på adventsmiddagen og julegatetenninga

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. desember 2023

På ettermiddagen i dag var det først adventsmiddag i ungdomshuset, arrangert av Todalen Idrettslag,  før det var tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, og det var bra oppmøte på båe arrangementa.  


Å store og småe, fraus nasain sin blåe

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2023

Fredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset.  Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag.  Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.