Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen bøgdalag Arkiv

Vi fann 102 artiklar i dette arkivet.


Nytt renovasjonspunkt for hytterenovasjon på Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. mai 2023

Tysdag kom det nye renovasjonspunktet til Remidt på plass på Kvennsetøran.  Etter at Remidt la om til full kildesortering av avfall vart ein del av renovasjonspunkta tekne bort – derfor kom renovasjonspunktet i Todalen bort, og det førte til at det var minst 3 mil å kjøre til næraste tømmepunktet ved Todalskrysset.  Dette førte til ei stor ulempe for alle dei rundt hundre fritidsbustadene i Todalen og førte sjølvsagt til protestar.



Fullstendig sakliste til årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. april 2023

Styret i Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 27. april klokka 19:00. No er sullstendig sakliste klar, og blir pressentert nedanfor. 


Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps-  og  helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Styret i Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 27. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, innkomne forslag og val. 


Vi vart ein mindre i 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. februar 2023

Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn), viser at det 31.12.2022 var 293 todalingar, ein nedgang på 1 i forhold til tala 31.12.2021. Det var ved årsskiftet 140 kvinner og 153 menn busett i Todalen. Gjennomsnittsalderen var ved årsskiftet 2022/23 47,1 år, akkurat det same som ved årsskiftet 2021/22. Det er Todalen bøgdalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette. 


Engasjerer seg for å busetje flyktningar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. januar 2023

For ei lita stund sia, gjekk Surnadal kommune ut i media og etterspurde utleigebustadar til flyktningar. Ein gjeng med samfunnsengasjerte privatpersonar og lokalpolitikarar frå Todalen, med delvis fast oppmøte i kaffekroken på Matkroken, har ei god stund engasjert seg for å finne bustadar til flyktningane i Todalen. Måndag var dei på synfaring i lokala til den midlertidig stengte barnehagen og i lokala til nedlagte skulen i Todalen. 


«Tjuandedag-Knut driv jula ut»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

«Tjuandedag-Knut driv jula ut», heitte det frå gamalt av. Opphavet for «knutsdagen» var drapen på den danske prinsen Knut Lavard, som vart drepen 7. januar i 1131. Etter at han døydde fekk han helgenstatus. «Knutsdagen» 7. januar var i fleire hundre år den første kvardagen etter julefeiringa, men frå rundt 1680 vart «knutsdagen» flytta til den 13. januar, altså tjuandedag jul, og markerer den offisielle slutten på julefeiringa. 


Pyroteknisk skalkfest på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Pyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen.  Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.  


Lokal julehandel – opningstider på Matkroken Todalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2022

Julehandelen er i full gang – både lokalt og i dei store butikksentra.  I år er det kanskje viktigare enn nokon gong at ein tenkjer litt lokalt når ein planlegg julehandelen. Dersom prognosane for årets julehandel held stikk, så kan vi kanskje oppleve at det blir ein liten nedgang, samtidig som vi opplever ein formiddabel kostnadsauke og prisstigning.  Kan berre nemne straumprisar, drivstoffprisar, renteprisar og stor auke i matprisane. Derfor er det så viktig å bruke lokale tilbod – handle matvarer der du bur og handle resten i lokale butikksenter.


Triveleg julegatetenning på Kvennset

Jon Olav Ørsal Sundag 27. november 2022

Søndag kveld var det flott markering av julegata på Kvennset – pynta med massevis av lys mellom Hals/Matkroken og Talgø.  Det var møtt fram mykje folk for å få med seg tenninga av den flotte julegata.  Det var Todalen Bøgdalag som hadde regi på arrangementet, og dei serverte varm kaffe og sørga for loddsal som mellom anna skulle finasiere noko av julebelysninga som i år jhar vore skifta ut. 


Tenning av julegata og lotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. november 2022

Todalen bøgdalag inviterer til tenning av julegata utanfor Matkroken Todalen søndag 27. november klokka 18:15. Det blir servert kaffe og pepperkaker. Det blir også lotteri, der ein allereie no kan kjøpe lodd via Vipps 568828. Kvart lodd kostar kroner 20,-. Hugs å skrive namn på loddkjøpar i meldingsfeltet. Trekning søndag kveld, med kunngjering av trekningslista her på Todalen.no.