Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Grendalag vart Todalen bøgdalag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. april 2022

Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag. Etter årsmøtet heiter Grandalaget no altså Todalen bøgdalag. Det var ikkje akkurat fullt hus og stromande jubel, men dei frammøtte fekk eit innblikk i kva Grendalaget hadde dreve med det siste året. Rekneskapen for 2021 viste eit overskott på i overkant av 10.000 kroner, og laget hadde ved årsskiftet aktiva for knappe 60.000 kroner. 

Både årsmelding og rekneskap vart samrøystes vedteke av årsmøtet. Det var i år to innkomne forslag til årsmøtet. Det første forslaget var å endre namn frå Todalen Grendalag til Todalen bøgsalag, med underteksten «for kvar ei grend». Dette vart samrøystes vedteke av årsmøtet. Den andre saka var at Grendalaget, eller rettare sagt no bøgdalaget, skulle overta det det organisatoriske ansvaret for 17.maifeiringa i Todalen. Her vedtok årsmøtet at Todalen bøgdalag stiller seg positive til dette, dersom dei blir spurt om å gjere dette. 

Bakels og graut høyrer med! Foto: B G Ansnes

Det vart servert kaffe og bakels med graut i pausen før siste sak på saklista, som var val. 

Etter valet vart styret i Todalen bøgdalag sjåande slik ut:

  • Leiar (for 1 år) – Bjørn Gunnar Ansnes
  • Nestleiar (ikkje på val) – Julia Halle
  • Kasserar (for 2 år) – Sylvia Stokke (ny)
  • Sekretær (ikkje på val) – Ragnhild A. Moe
  • Styremedlem (for 2 år) – Øystein Moe (attvalt) 
  • 1. vara (ikkje på val) – Ola H. Ansnes
  • 2. vara (for 2 år) – Jo Gjeldnes (attvalt)

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. april 2022, 05:00