Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folketog utan korps er utenkeleg!

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2022

Det såg litt mørkt ut, men de gmle er eldst og tek ansvar for å moblisere tidlegare korpsmedlemar til å sørge for korpsmusikk i folketoget i Todalen.  Det er nok litt artig lell, vi tykkjer nok at korpsmusikken hører med i folketoget, seier Ingeborg Myrvang og Frode Grønmyr som har jobba med mobiliseringa.

Eit forsterka 17.-korps fotografert framfor skulen i 2014. Arkivfoto JOØ

Ingeborg tykkjer at dei er litt for få da, og kunne tenkt seg at fleire hadde pussa støvet av instrumenta og «kome til unnsetning». Vi manglar mellom anna nokon til å slå på stortromma! Men det går da rundt på eit vis da, seier ho.  – Men ho presiserer at det er enno ikkje for seint om det er nokon som kunne tenkt seg å være med i korpset på nasjonaldagen.  Da er det berre å ta kontakt med Ingeborg, så ordnar det seg! 

Onsdag kveld hadde dei samling i kantina på Talgø, og da var dei 7 som møtte – med følgjande instrument –  Fløyte, 2 klarinettar, 2 trompetar, Barython og Avphonium.  

 

Først publisert: 5. mai 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 4. mai 2022, 18:27