Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddedugnad før 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. mai 2022

Torsdag 12. mai klokka 18:00 blir det ryddedugnad for å rydde vegkantane langs Fylkesvegane rundt bygda og langs dei kommunale vegane: Pilskarvegen og Markavegen. Dette for å gjere det fint langs vegane til 17. mai-feiringa. Oppmøte på Bordholmen stadion klokka 18:00. Her blir det delt opp i plukkelag som får tildelt strekning for rydding. Det trengs bilar/ATV-ar med hengarar, så om nokon kan stille med det, hadde det vore fint!

Det vil bli plukka søppel i vegkanten langs desse vegane:

  • Fv 6145 – Hallset bru – Sandstad
  • Fv 6146 – Sandstad – Bruset
  • Fv 6148 – Bruset Hallset bru
  • Pilskarvegen (Pilskaret – Øyabrua)
  • Markavegen (Bruset – Trudvang)

Ta med hanskar! Søppelposar blir delt ut ved oppmøte. 

Alle blir oppfordra til å bli med på ryddedugnaden, så blir det fint langs vegane våre til 17. mai-feiringa!

Først publisert: 7. mai 2022, 10:00 - Sist oppdatert: 27. april 2023, 06:23