Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2021

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Gamle Nordmør i kjømda

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. november 2021

Bernt Bøe har sendt oss ein e-post der han fortel at «Gamle Nordmør» no er i kjømda. Det er Bøfjorden Historielag som gjev ut «Gamle Nordmør», som i år kjem ut for 10. gong og er på 88 sider. Boka inneheld variert lesnad, og har historiske tilbakeblikk frå fleire plassar, mellom anna frå Todalen. 


Heittgjort med både revy, bok og smaksprøve

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. november 2021

Fredag kveld var tida komen for premiere på revyen «Heittgjort» – boka med same namn var alt lansert for ei vekes tid sia og i tillegg serverte Surnadal bygdekvinnelag smaksprøvar på heittgjort på stusse til publikum i pausen.


Jul på Todalshytta – historisk arrangement

Jon Olav Ørsal Fredag 19. november 2021

For aller første gong i historia skal det i år arrangerast julebord på Todalshytta.  Takka være litt tetting og isolering, og ikkje minst to store varmepumper og oppgraderte vedovnar så er det faktisk gjort muleg å arrangere julebord eller juleselskap på Todalshytta i år.  Arve Evensen som er vert på Todalshytta fortel at dei bevisst har tøyd ut sesongen i år, og det har vore vellukka både med hensyn til oppvarming og drift av kjøkkenet


Haustfest med noko attåt

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. november 2021

Laurdag 20. november klokka 13:00 inviterer Start 4H til hustfest i Todalen ungdomshus. Her har medlemmene i klubben utstilling som viser kva prosjekt dei har arbeidd med det siste året. Det blir sal av bakels med graut, kaker og kaffe. 


Nordvik: Grendalagsbasaren blir digital

Jon Olav Ørsal Fredag 19. november 2021

Den tillyste basaren i Nordvik Forsamlingshus blir digistal  – med loddsal via Vipps nr 98505.  Det er koronasituasjonen som gjer at den fysiske basaren blir avlyst og endra til eit digitalt arrangement.  – Dermed kan loddsalet pr Vipps 98505 foregå heilt til kl 15.00 på søndag 21. november.


Lokalt vedtak om smittekarantene og forlenga isolasjonstid

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. november 2021

Som eit direkte resultat av at det er stigande smittetrend i Surnadal kommunen, vart det i dag gjort lokalt vedtak om smittekarantene og forlenga isolasjonstid. Smitten skjer på tvers av alder og vaksinasjonsstatus. Kommuneoverlegen si vurdering er at vidaresmitte til husstandsmedlemmar som igjen smittar andre utanfor husstanden, er det som driv pandemien vidare lokalt. Vedtaket gjeld frå i dag (18.11.) klokka 16:00 til torsdag 25. november klokka 12:00. 


Alpingruppa sel adventskalendarar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. november 2021

Alpingruppa i Surnadal Idrettslag kjem laurdag 20. november til Matkroken Todalen for å selje alpingruppa sin adventskalender. Salet går føre seg i tidsrommet mellom klokka 10:00 – 12:00.  Det skjuler seg totalt 41 gevinstar ford bak dei 24 lukene, så her er det gode sjansar for å vinne fine gevinstar!


Fleire positive hurtigtestar for Covid-19

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. november 2021

Kommuneoverlegen informerer i ei pressemelding i føremiddag om at det er meldt om fleire positive hurtigtestar for Covid-19, både ved Midtigrenda barnehage og Surnadal barne- og ungdomsskule. Kommuneoverlegen gjev nedanfor ei statusoppdatering for situasjonen ved Midtigrenda barnehage og Surnadal barne- og ungomsskule, og kva tiltak som er igangsett i samband med dei positive hurtigtestane. 


Årets utgåve av «Jul på Nordmøre» er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. november 2021

Årets utgåve av tradisjonsrike «Jul på Nordmøre» er klar. Det er 86. gong at heftet kjem ut. Utgjevar er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag. Juleheftet vil bli å få kjøpt ved Matkroken Todalen ganske snart. 


Positiv sjølvtest for Covid-19 ved Surnadal v.g. skule

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. november 2021

Ein person, som er elev ved Surnadal videregåande skule, har i dag testa positivt på hurtigtest for Covid-19 ved Surnadal opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan i ei pressemelding no i ettermiddag. Bekrefta svar på PCR-test føreligg førebels ikkje. Alle elevar og tilsette dette vedkjem har gjennomført hurtigtestar, utan at det er gjort ytterlegare positive funn. Undervisninga vil difor fortsette som planlagt blir det opplyst i pressemeldinga.


Start 4H inviterer til haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. november 2021

Laurdag 20. november klokka 13:00 inviterer Start 4H til haustfest i Todalen ungdomshus. Her blir det utstilling, som viser prosjektoppgåvene medlemmene har arbeidd med det siste året. Det blir sal av kaffe, bakels med graut og kaker.


Novemberråd frå kommuneoverlegen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. november 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, med bakgrunn i auka koronasmitte, med novemberråd til innbyggarane i Surnadal kommune. Pressemeldinga, som er underskriven av kommuneoverlege Bjørn Buan, kan du lese nedanfor.