Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik: Grendalagsbasaren blir digital

Jon Olav Ørsal Fredag 19. november 2021

Den tillyste basaren i Nordvik Forsamlingshus blir digistal  – med loddsal via Vipps nr 98505.  Det er koronasituasjonen som gjer at den fysiske basaren blir avlyst og endra til eit digitalt arrangement.  – Dermed kan loddsalet pr Vipps 98505 foregå heilt til kl 15.00 på søndag 21. november.

Når planane no blir endra så blir fristen for å levere basarting også endra, så vi oppfordrar folk til å leveres basartingane søndag ettermiddag mellom kl 16.30 og 17.  Deretter blir det umiddelbart etterpå trekning frå kl 17.  Hovudgevinsten blir ein kolonialkasse med verdi kr 800,-  frå Matkroken Todalen.  

Styret i grendalagt oppfordrar alle til å støtte opp om grendalaget ved å kjøpe lodd på Vipps nr 98505. Ved å kjøpe lodd a kr 25,- blir du automatisk med på trekning av alle gevinstane via felleslista, og du får beskjed etter trekninga derom du har vunne.  – Kjøp lodd og bli ein vinnar!

Nordvik Grendalag er medlem i Todalen.no

 

  

Publisert: 19. november 2021, 13:01