Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heittgjort med både revy, bok og smaksprøve

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. november 2021

Fredag kveld var tida komen for premiere på revyen «Heittgjort» – boka med same namn var alt lansert for ei vekes tid sia og i tillegg serverte Surnadal bygdekvinnelag smaksprøvar på heittgjort på stusse til publikum i pausen.

heile gjengen samla på scena under avslutningsnummeret. Foto: Jon Olav Ørsal

Revyen skulle liksom være krona på verket for å promotere den unike boka om revyhistoria i Surnadal – ei historie som strekkjer seg frå 1965 og fram til i dag.   Revyen vart også på sin måte heilt unik, da det var plukka fram mange godbitar frå revyhistoria – og fram ført på nytt i dag – enkelte nummer med nye aktørar men mange med same gamle aktørane som i den originale framføringa. Enkelte av numra var krydra med litt aktuelt stoff, noko som krydra dei på sin måte. 

Svein Sæter og Styrkår Brørs var konferansierar og batt saman førestillinga på ein fin måte – enkelte hadde nok behov for litt forklaring og det som gjekk føre seg i sketsjane.  Tross alt var enkelte innslag produsert for over 50 år sia.

Moltemani – innslag om molter og måsse med Gøran Bolme og Maren Larsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Øyvind Holte som har vore ein av initiativtakarane til både bok og revy, fekk under førestillinga tildelt Surnadal Heimbyglags målpris for 2021.  Det var Svein Sæter som delte ut den velfortente prisen for bruken av nynorsk og dialekt i revyarbeidet han har lagt ned gjennom alle år.

Laurdag er det klart for ny førestilling – det er enno nokre ledige plassar, så dersom du er kjapp kan du nok få billett – revyen er så absolutt verdet ein visitt!

Velfortjent målpris til Øyvind Holte for bruk av nynorsk og dialekt i revyarbeidet gjennom lang tid. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. november 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 19. november 2021, 23:58