Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustfest med noko attåt

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. november 2021

Laurdag 20. november klokka 13:00 inviterer Start 4H til hustfest i Todalen ungdomshus. Her har medlemmene i klubben utstilling som viser kva prosjekt dei har arbeidd med det siste året. Det blir sal av bakels med graut, kaker og kaffe. 

I tillegg vil medlemmene i Start 4H, under haustfesta, selje kornband, juleheftet «Du mitt Nordmøre» og den nyleg utgjevne boka «Heittgjort», boka om revyhistoria i Surnadal. 

Frå Start 4H sitt kornbandsal i fjor. Foto: Ragna Kvendset

 

Boka «Heittgjort», om revyhistoria i Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets utgåve av «Du mitt Nordmøre». Foto: Nordmøre Mållag

 

Start 4H ønskjer alle velkomne på ei innhaldsrik haustfest! 

Start 4H er medlem i Todalen.no

Publisert: 19. november 2021, 14:00