Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets utgåve av «Jul på Nordmøre» er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. november 2021

Årets utgåve av tradisjonsrike «Jul på Nordmøre» er klar. Det er 86. gong at heftet kjem ut. Utgjevar er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag. Juleheftet vil bli å få kjøpt ved Matkroken Todalen ganske snart. 

– Heftet inneheld bidrag frå rundt tjue skribentar. Desse utgjer ei blanding av kjente og nye namn. Eg meiner vi også i år har klart å skape god breidde i innhaldet, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.

Han opplyser at interessa for heftet er stor.

– Det er artig å oppleve at eit produkt som dette står seg så godt i ein digital tidsalder. Når november kjem, begynner både lesarar og forhandlarar å spørre etter «Jul på Nordmøre». Det slår aldri feil, seier Ansnes.

Han fortel at det allereie har meldt seg skribentar som ønsker å bidra i neste års utgåve.

Forhandlarnettet er stort sett det same som tidlegare år. Det betyr at dei fleste nordmøringar ikkje treng å reise langt for å kunne kjøpe juleheftet.

Publisert: 17. november 2021, 13:31