Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2021

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


«Bøy og tøy» med Pensjonistlaget!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. november 2021

Vi går unekteleg mot vinter og dårlegare turføre ute. Difor startar Surnadal Pensjonistlag opp att med «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Første «Bøy og tøy» blir torsdag 11. november klokka 11:00 i Meierisalen på Landbrukshuset. 


«Ei Todalsslekt»: Tysdag kan du kjøpe boka på Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. november 2021

For nokre dagar sia skreiv vi om Astrid Berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si.  Tysdag 9. november kjem dei til Matkroken Todalen for å for å presentere og selje boka til interesserte todalingar.


Leige av gymsalen ser ut til å ordne seg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. november 2021

Under dagens møte i Surnadal kommunestyre, fremma Lars Inge Kvande (Sp), på vegne av Senterpartiet, eit oversendingsforslag til administrasjonen, der administrasjonen, i samband med budsjettet, blir bedt om å legge fram ei sak om at Todalen Idrettslag skal få leige gymsalen, ved Todalen skule, gratis i 2-3 dagar i veka fram til endeleg etterbruk av skulebygningane er bestemt. 


Allehelgensdagsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. november 2021

Søndag 7. november klokka 14:00 inviterer Todalen sokneråd til allehelgensdagsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske denne søndagen, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.


Godt forberedt:  I helgen skal 15.000 bankkunder på flyttefot

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. november 2021

Etter at Sparebank 1 Nordmøre såg dagens lys 3. mai i år har det hele tiden pågått en stor jobb i kulissene i de to banken som gikk sammen – Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank.  Fram til nå har begge de to bankene jobbet videre med på hver sin plattform utad, men innad starta straks qarbeidet med tanke på den tekniske samenslåingen som går ut på å samle alle de 15.000 kundene på en felles plattform i Sparebank1 Nordmøre. Nå er forberedelsene gjort og kommende helg skjer den godt forberedte prosessen.  Vi har fått en pressemelding som forteller hva som skal skje fra fredag ettermiddag til mandag morgen kl 8.00 når alt skal være gjennomført. Nedenfor har vi lagt ut hele pressemeldingen fra Sparebank1 Nordmøre. 


Bruk av gymsalen ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. november 2021

Styret i Todalen Idrettslag søkte tidlegare i år, som det også vart orientert om på medlemsmøtet 20. oktober, Surnadal kommune om å få låne gymsalen ved Todalen skule frå oktober – april til innandørs-aktivitetar. Søknaden var både for organiserte og uorganiserte aktivitetar som mellom anna: «Dame- og gubbetrim», balleik for ungane og volleyball. Konkrete ønske om slike aktivitetar i gymsalen ved skulen kom og fram på medlemsmøtet 20. oktober, men styret i idrettslaget måtte avvente svaret frå Surnadal kommune, på søknaden sin om lån, før dei uttale seg om saka. No har idrettslaget fått svar, og saka vart diskutert på gårsdagens styremøte i idrettslaget. 


Godt budd på julehandelen – no opnar «Juleland»

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. november 2021

Torsdag er det «offisiell» opning av julesutstillinga på Hageland – eller Juleland som dei kallar det i marknadsføringa av årets julehandel i Hageland.  Vi er godt budd på julehandelen, til tross for at det har vore leveringsproblem på enkelte varer. Mellom anna er dei kunstige juletrea som kjem frå Østen litt forsinka, men etter lovnadene så skal dei snart være innafor rekkjevidde, sier Hubertine Rubrink som er «juletresjef» ved Hageland


Med slakting som valfag – greit å vite korleis maten blir til…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. november 2021

På Taekwondo-lina på Nordmøre Folkehøgskule driv dei ikkje berre med kampsport.  For å få litt avveksling må vi finne på andre aktivitetar, slik at vi får tømme hovundet innimellom, seier Kjell Gunnar Polden, som er leiar for dette linjevalet på folkehøgskulen.  Dei siste par dagane har det vore så utradisjonelle at dei har drive med slakting, og foredling av slakt.