Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2021

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Minner om årsmøtet, som blir digitalt

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2021

Todalen elveeigarlag minner om sitt årsmøte torsdag 25. november 2021 kl 19.30.  På grunn av utviklingen i koronasituasjonen blir møtet gjennomfør digitalt, og IKKE i Sanitetshuset, slik som det står i den opprinnelige innkallingen til årsmøtet, melder styret i elveeigarlaget. 


Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Onsdag 1. desember inviterer kyrkja i Surnadal til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Så er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei


Nytt Surnadals-magasin på veg i posten

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Vi har motteke ei pressemelding frå Amfi Kreativ, som fortel at eit nytt vintermagasin for Surnadal er på veg til postkassane rundt omkring i distriktet.


Mykje regn og snøsmelting – varslar stor rasfare

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. november 2021

Vêrmeldinga yr.no varslar med både gult og orange farenivå i sine meldingar, og ber folk følgje med på det som skjer lokalt.  Det er spesielt rasfaren som i Trøndelag og på Nordmøre er varsla med orange niva – der Surnadal kommune såvidt er innafor området. Når det gjeld nedbør er det meldt til dels store […]


Skytterlaget kaller inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 22. november 2021

 Søya og Todalen skytterlag kallar inn til årsmøte for 2021.  Det skjer på kantina på Talgø måndag 13. desember, og på agendaen står det vanlege årsmøtesaker.  Saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 6. desember.  


«Julegatelotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Todalen Grendalag arrangerer i år «Julegatelotteri». Kvart lodd kostar kroner 50,-, og da er du med i trekninga av 10 fine gevinstar gjeve av lokalt næringsliv. Lodd kjøper du ved å vippse til 568828 (Todalen Grendalag), hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på i meldingsfeltet når du vippsar. Det blir og sal av lodd under sjølve julegatetenninga søndag 28. november. Meir informasjon om julegatetenninga kjem torsdag 25., så følg med!


«Bøy og tøy» med Pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 25. november klokka 11:00, til ny «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Etterpå blir det kaffe og sosialt samvær for den som vil. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Fredag 26. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød. 


Bra respons på Nordvik Grendalag sin digitale basar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. november 2021

Nordvik Grendalag fekk god respons på sin digitale basar. Totalt vart det selde grendalaget 650 lodd. I dag var det trekning i den digitale basaren, og alle gevinstane vil bli delt ut til vinnarane. Styret i Nordvik Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd og støtta grendalaget.  Trekningslista ser du nedanfor: eller her som pdf-fil: […]


Ytterlegare tre nærkontaktar i Midtigrenda bekrefta smitta

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. november 2021

Smitteutbrotet i Midtigrenda barnehage med forgreining til Surnadal barne- og ungdomsskule. Tre nærkontaktar til ein smitta person i Midtigrenda barnehage har i kveld, som forventa, fått bekrefta smitte med positivt svar på PCR-test. 


Vellykka haustfest i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. november 2021

I dag var det haustfest i Start 4H i Todalen ungdomshus. Her hadde medlemmene laga utstilling for å vise fram prosjekta dei har jobba med det siste året. Utillinga er ein viktig del av sjølve prosjektet, og noko dommarane tek med i si totalvurdering under bedømminga av oppgåvene.


Statusoppdatering koronasituasjonen i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. november 2021

I ei pressemelding frå kommuneoverlegen no i føremiddag, får vi statusoppdatering på koronasituasjonen i Surnadla kommune akkurat no. Over helga kan vi starte ei ny arbeidsveke med betre oversikt og kontroll på smittesituasjonen som oppstod. Det har vore hektisk smittesporing og stor testaktivitet med mange berørte i alle aldrar. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at samtlege per i dag har milde symptom og at dei fleste smitta er vaksinerte.