Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Positiv sjølvtest for Covid-19 ved Surnadal v.g. skule

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. november 2021
Ein person, som er elev ved Surnadal videregåande skule, har i dag testa positivt på hurtigtest for Covid-19 ved Surnadal opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan i ei pressemelding no i ettermiddag. Bekrefta svar på PCR-test føreligg førebels ikkje. Alle elevar og tilsette dette vedkjem har gjennomført hurtigtestar, utan at det er gjort ytterlegare positive funn. Undervisninga vil difor fortsette som planlagt blir det opplyst i pressemeldinga.
Kommunen har hatt fleire parallelle smittetilfelle den siste tida, utan at det er nokon samanheng mellom dei forskjelleg  tilfella. Foreløpig har det vore tilstrekkeleg med enkle tiltak for å begrense smitten. Tiltaka har så langt begrensa seg til testing, isolering, smittesporing og karantener, samt råd om hygienetiltak og oppslag ved aktuelle sosiale møteplassar.- Smitten har i denne omgang kome etter besøk i eller frå Trondheim, seier kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan, i pressemeldinga som kom i ettermiddag.  

Publisert: 16. november 2021, 16:28