Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Novemberråd frå kommuneoverlegen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. november 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, med bakgrunn i auka koronasmitte, med novemberråd til innbyggarane i Surnadal kommune. Pressemeldinga, som er underskriven av kommuneoverlege Bjørn Buan, kan du lese nedanfor.

– Landet er inne i ei ny smittebølge. Andelen alvorleg sjuke er lågere enn tidlegere på grunn av god sjukdomsbeskyttelse etter vaksinering. Smittetala er likevel såpass høge at det påverkar kapasiteten ved sjukehusa. Vi går inn i ein periode med både julehandel og julebord, og vi må rekne med ei ytterligare auke i smittetala lokalt og nasjonalt. Kommuneoverlegane på Nordmøre samarbeider om ein felles tiltakspakke som kan komme i form av lokal forskrift.

– Vi har hatt enkelttilfelle med smitte i Surnadal den siste tida. Det gir oss grunn til å minne om dei viktigaste tiltaka vi må fortsette med for oppretthalde bevegelsesfriheita vår i tida framover:

  • Halde oss heime ved symptom på smitte
  • God hand- og hostehygiene
  • Sjølvtest ved koronasymptom og mistanke om smitte. Ved positivt prøvesvar må du varsle oss raskt.

– Regjeringa har iverksett enkelte tiltak på landsbasis som kan dempe smittetrykket, men det viktigaste arbeidet skjer i kommunen.

  • Ved bekrefta smitte i husstanden er det no bestemt at uvaksinerte husstandsmedlemmar over 18 år har plikt til å teste seg i 7 dagar med sjølvtest. Alternativt annakvar dag med PCR-test i 7 dagar. 
  • Det er igjeninnført råd til vaksinerte husstandsmedlemmar til ein smitta person om å teste seg to gonger i løpet av ei veke. Det er også anbefalt å halde seg heime til første negative prøvesvar.

– På landsbasis skjer smitten i stor grad blant barn og unge. Testing og smitteførebygging blir difor styrka ovafor oppvekstmiljøet.  Vi iverksett for eksmpel sjølvtesting i skuleklassar for å kunne avdekke smitte raskt. Inntil det nasjonale smittetrykket har normalisert seg vil vi gjennomføre testaksjonar ved mistanke om smitte. Det er nødvendig å halde smitten nede framover, både for å gjere det muleg for føresette å gå på jobb og for at barna skal kunne delta i undervisning og aktivitetar. 

– Det er gledeleg at tidlegare uvaksinerte no tek kontakt for å komme i gang med koronavaksinering. Det har stor verdi for smittetrykket at vaksinasjonsdekninga blir så høg som muleg. 

– Saman med oppfriskingsdose til dei eldre, håpar vi at desse råda og tiltaka skal bidra til at vi kan gå inn i adventstida med optimisme.

Publisert: 15. november 2021, 17:00