Søndag ettermiddag var Todalen ungdomshus rigga for TIL-basar, med både basarbord, barnebord, pilkasting og sal av bakels og graut til kaffen. Den store stemninga er kanskje ikkje til stades på basarane lenger, med disto større er førehandssalet som går føre seg på Matkroken – og sjølvsagt med bruk av Vipps. Vi bør vel seie at nye tider krev nye løysingar, og godta denne endringa, for til denne basaren kom det inn 21.950 på førehandssalet – medan det totalt kom det inn litt over 30.000. Så bygdefolket er da rause til å støtte lag og foreningar. Så får vi berre godta at noko av den gamle «basarstemninga» kjem bort og at dei sosiale treffpunkta blir forandra og skjer på telefon.