Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Meir elg og mindre hjort i 2022

Jon Olav Ørsal Fredag 13. januar 2023

Tore Gjul som er sekretær i viltnemnda i Surnadal kommune har laga ein omfattande statistikk som er basert på vårteljing av hjort og med resultat frå jakta i 2022, basert på felt hjort, elg og rådyr i Surnadal kommune og fordelt på dei enkelte vald/storvald innafor kommunens grenser.  Når ein blar gjennom statistikken er det lett å sjå at ein må sjå alt i samanheng når ein skal regulere stammen med tildeling og avskyting frå år til år.

Hjort ved vegkanten under vårteljing – arkivfoto Todalen.no

Vårteljinga i 2022 er delt på 3 datoar i mars og april og her viser resultatet for heile kommunen at makstala for 2021 og 2022 viser ein nedgang frå 827 i 2021 til 618 i 2022 når det gjeld hjort.  Dersom ein ser isolert på Todalen, så er tilsvarande tal 99 i 2021 og 86 i 2022 – altså ein liten nedgang.  Dette er summen av dei 4 teljingsområda:  Sørsida av Todalen, Husby – Halle, Todalshaug – kvennset og Hjellnes – Svinvik.  I Todalen var toppåret 2019 med 109 stk – med nedgang dei 3 siste åra.

Også når det gjeld fellingstala for hjort, så var toppåret i «nyare tid» 2019 med 601 felte hjort.  Etter dette har fellingstala gått nedover, med 507 i 2020, 490 i 2021 og for 2022 var fellingstala for hjort heilt nede på 371.  Lokale fellingstal for Todalen var på 35 hjortar av total tildeling på 50 dyr.  

Ola Ansnes med elg – foto Todalen.no

Når det gjeld elg går utviklinga andre vegen – her var det i heile kommunen felt 53 elg hausten 2022 (Tildelt 82 elg).  Dette er ein auke frå 38 elg i 2021 og 48 i 2020.  I Todalen vart det hausten 2022 felt 3 elg av ei total tildeling på 7 dyr.   For Norge er statistikken omvendt, med tilbakebang for elgstammen og framgang for hjortstammen.   Når det gjeld rådyr så er det felt 43 dyr i kommunen i 2022 – herav 6 i Todalen.  

Gaupa som Ola Halle fotograferte i området ved Hjellnessetra for nokre år sia.

I statistikken er også felling av freda rovdyr med, der det har vore lisens-/kvotejakt og skadefelling.  I perioden 2017 – 2022 er det felt 13 gauper i kommunen – ingen av disse er felt i Todalen.  Tilsvarande tal for jerv i perioden 2007 – 2022 er totalt 22 jerv som er felt i perioden – 5 av disse er felt i Todalen.  

 

Publisert: 13. januar 2023, 19:00