Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det hjelper å være gavmild

Jon Olav Ørsal Fredag 13. januar 2023

Todalen Idrettslag og Todalsdagen er så rause at dei kvart år gir bort startkontingenten frå mosjonsløpet Ræta Opp, som blir arrangert i samband med Todalsdagen. I 2021 var det Blodbanken i Kristiansund som kunne nyte godt av denne givergleda, og heile startkontingenten på 16.300 kroner gjekk dit.  Det var stor glede i Blodbanken, og Randi S. Tømmervåg og Elisabeth Sandvik var på Bordholmen under Todalsdagen – for å promotere Blodbanken. 

Knut og Invild har stått i bresjen for Ræta Opp i ei årrekkje. 16.300 kom det inn til Blodbanken denne gongen, og det er dei to godt nøgd med.   Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Ingvild Kårvatn som har gått i bresjen for Ræta Opp har no fått tilbakemelding frå Blodbanken om kva pengane har vorte bruka til.  I ein e-post skriv Randi S. Tømmervåg at dei har kjøpt nytt TV til og trådlause headsett til tapperommet – så utstyret har kome blodgjevarane til gode. – på denne måten kan etablerte aferesegjevarar som ligg lenge i gjevarstolen (ofte eit par timar) sjølve regulere lyd på TV’n, utan å forstyrre dei andre.

I tillegg kan nye givere høyre og sjå på ein ny presentasjon vi har laga,  med viktig info om Blodbanken. Vi frigjer dermed mykje tid for oss på Blodbanken, slik at vi kan være meir effektive med å kalle inn nye givarar.  – Med andre ord har pengane frå Ræta Opp vore nyttige for Blodbanken , og er kome både nye og gamle blodgivarar til nytte – så tusen takk igjen, avsluttar Randi i e-posten frå Blodbanken. 

Publisert: 13. januar 2023, 13:00