Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddar skog og opnar opp rundt Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. januar 2023

Dei siste åra har det vore prata mykje om å få fram Todalshytta, slik at du kan sjå ho frå Halagrenda eller frå Kvennset igjen.  På bilder frå Phillips tid er det nemleg open utsikt både ned mot elva og utover bygda.  Da kunne dei sitte frampå bakkan ved hytta og sjå ned på elva – og fiskarane kunne følgje med om det gikk opp laks med litt størrelse på. 

Her går den første oldra overende i bakkan nedafor Todalshytta. Foto Jon Olav Ørsal

Dei siste åra har det vore rydda unna ein del trær og busker, og store trær er kvista langt opp på stammen, slik at det har vorte fin utsikt utover bygda.  No er Bjørn Kvendset i gang med rydding av resten i bakkan frå vegen som går til Hjellen og innover mot Bruset.  Når denne skogtoppa er borte så vil det atter bli fri sikt ned mot elva og fiskehølane i Hagan, Demninga og i Brusethølen.

Denne skogtoppa skal no vekk – da blir det fri sikt ned mot hølane i Hagan, Demninga og brusethølen. Foto Jon Olav Ørsal

Her blir det ein vinn-vinn situasjon – noko av veden skal brukast til fyring på Todalshytta, medan resten kjem for salg gjennom Bjørn Kvendset som alt har mange kundar som kjøper ved.  

Bra er det også at ein opnar opp, slik at Todalshytta blir synleg for vegfarande turistar som er på søken etter plass for å kjøpe seg ein overnattingsplass, eller for å få seg ein matbit eller forfriskingar.

Todalshytta ligg fint til frampå bakkan ovafor Bruset – no blir det nok lettare å finne fram for turistane. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. januar 2023, 12:24