Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hobbyfiskar med naggelbit og nattstått bruk

Jon Olav Ørsal Fredag 20. januar 2023

I fjæra i Hyllnesbukta trefte vi Stig Are Gulla i ferd med å gå i land etter ein båttur utpå fjorden.  Stig er ivrig hobbyfiskar, og har vore utpå for å sette ut garn i området ved vorpneset.  På nyåret har det vore såpass kaldt og vindfullt, så det har vore eit begrensa aktivitetsniva, fortel han.

Her skal det bli boknafisk – sei og torsk er hengt opp på naustveggen. Foto jon Olav Ørsal

Temperaturen låg på 4-5 minusgarader, og med litt vind vart jammen fort nagelbit både for fiskarar og fotografar.  Noko av fangsten har stig hengt opp på naustveggen, slik at det skal bli såkalla boknafisk – i hovudsak var det småsei og torsk i finne i garna, men også ein og anna lyren innimellom.  

Stig reknar med at fiskeriet blir betre etter kvar utover vinteren – betre blir vel også temperaturen etter kvart som sola kjem til å kike fram.  

Full fart inn mot land i Hyllnesbukta. Foto Jon Olav Ørsal

Her blir det både hundmat og folkmat – boknafisk er fine saker, fortel Stig Are Gulla. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. januar 2023, 12:41