Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Draumkved for fullt hus i Bondehuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. januar 2023

Unni Boksasp trakk full sal i Bondehuset i Stangvik da ho hadde urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved.  Det er laga fleire versjonar av musikken til Draumkved, men Unni er første folkemusikaren som har laga ny musikk til dei gamle tekstane, for historia om Olav Aasteson si draumeferd er nemleg den same.

Konserten trekte full sal i Bondehuset tysdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Etter responsen frå publikum å døme, så fall den nye versjonen i smak.  Eit lydhørt publikum lika det dei såg og høyrde i Bondehuset tysdag kveld, der Unni tok publikum med storm. 

Med spel og song held ho publikum i ande i ein liten time utan pause, og ho sørga sjølv for tonefølgje med både dulcimer, handorgel og zitter under konserten. 

Unni Bosasp er den første folkemusikaren som prøvar seg med ny musikk til Draumkvedet. Foto Jon Olav Ørsal

Boksasp hadde urpremiere i Seljord i Telemark 6. januar – i kveld var ho altså i Stangvik med konserten – eit samarbeid med Stangvikfestivalen, Stangvik grendelag og Bondehuset.

Unni spelar på zitter – eit instrument som det ikkje er så ofte du ser på scena her på traktane. Foto Jon Olav Ørsal

Dulcimer er eit artig instrument – Unni beherska dette også. Foto Jon Olav Ørsal

Unni fekk skikkeleg med applaus frå publikum – stor stas! Foto Jon Olav Ørsal

Stangvik Grendelag er medlem i Todalen.no

Publisert: 10. januar 2023, 22:08