Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velkomen på fellesmiddag på kyrkjehuset komande onsdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. januar 2023

Det er kyrkja i Surnadal som inviterer til fellesmiddag på Kyrkjehuset onsdag 25. januar, med start kl 16.30.  Dersom du et middag åleine, kan det være triveleg å ete i lag med nokon eller kanskje kan det være godt å sleppe både matlaginga og oppvasken etterpå.  Meld deg på og bli med på ein triveleg fellesmiddag!

Har du lyst til å ete middag saman med nokon fleire?
Eter ein ofte middag åleine, er det triveleg å ete i lag med nokon. For travle  småbarnsfamiliar er det godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå. Vi inviterer store og små i alle aldrar til middag på kyrkjelydshuset, og til å delta i fellesskapet ein onsdag i månaden.

Dørene opnar kl.16.00, og maten blir servert frå kl.16.30.Treffet avsluttast med ei kort samling kl.17.30.
Pris kr. 50, – for vaksne og gratis for barn opptil 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Påmelding: Ring eller send SMS med antall personar til Elsa Jensvold mobilnr 995 18 162
innan måndag 23. januar.
Alle er hjarteleg velkomne!
Arrangør er Kyrkja i Surnadal

Kyrkja i Surnadal er medlem i Todalen.no 

Publisert: 18. januar 2023, 18:00