Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er knytta spenning til byggebransjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2023

Vi opplever at det er knytta spenning til aktiviteten i byggebransjen, men opplever også at det er stor etterspørsel etter bustader – både lokalt og i heile regionen.  Talgø dei siste årahar sikra seg byggekapasitet gjennom oppkjøp av Talgø Agrobygg i Bindal kommune, Tradbo i Tingvoll og no sist Einar Mork Snekkerverksted i Averøy. 

Frå bustadfeltet er det utsikt utover mot Atlanterhavsvegen. Foto Jon Olav Ørsal

Lokale aktivitetar vil nok sikre at det blir ein del jobb på Talgø-selskapa utover året – mellom anna i det nye bustadfeltet på Kårvåg på Averøya, der dei er i ferd med å fullføre opparbeidinga av feltet og byggestart er nok like rundt hjørnet der.  

Kårvåg bustadfelt ligg like ved Kårvåg sentrum og har gåavstad til «alt». 63 bustadtomter og rundt 150 fortetningsboliger er det plass til i det store feltet.

Det er Sture Utheim og Finn Mølmen som har satsa eit trettitals millioner på utbygging av det nye bustadfeltet som har 63 bustadtomter for einebustader og rundt 150 fortetningsbustader ( 4 og 6-mannsbutsader).  Her er det alt selt 8-9 bustadtomter, der fleire får oppstart så snart byggeløyve er klar.  her er det bustadtomter i fleire prisklassar, frå 650.000 til 1,200.000.  Talgøselskapa Mork og Tradbo skal i første omgang bygge 2 stk firemannsbustader, 1 stk tomannsbustarer og startar så snart det er mulig med den første einebustaden –  Talgø Bygg og Byggmakker blir leverandørar av materialar og element til bygga.  Leilighetane blir få fleire størrelsar/prisklassar. 

Kårvåg Barneskule ligg «vegg i vegg» med bustadfeltet og har plass til 250 elevar. I nærleiken er det også planlagt barnehage. Foto Jon Olav Ørsal

Her er det lagt ut parkanlegg på 10 mål – med både småbåthamn med 70 båtplassar , molo og leikeplass. Foto Jon Olav Ørsal

Kårvåg bustadfelt ligg like ved Kårvåg sentrum, og har gåavstand til alt, står det i reklamen.  I bustadfeltet er det mellom anna bygd ny Kårvåg barneskule med kapastitet på 250 elevar, i tillegg er det barnehage, 4 lekeplassar, parkanlegg på 10 mål med småbåthamn med 70 båtplassar, 12 naust og molo.  Feltet er ferdig utbygd, med renseanlegg, gatelys og 3,6 km med vegar  – og kan tilby ein fantastisk utsikt utover mot Altlanterhavsvegen.  Her kan du kan lese meir om Kårvåg bustadfelt 

Utsikt frå bustadfelt og utover mot Atlanterhavsvegen og storhavet. Foto Jon Olav Ørsal

Kårvåg bustadfelt har sjølvsagt skikkeleg handtering av kloakken i det nye renseanlegget som er bygd ved bustadfeltet. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. januar 2023, 10:52