Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trio på topp på Senterpartilista i Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2023

Måndag ettermiddag kunne Surnadal Senterparti presentere listetoppane til haustens kommuneval.  Det har vore knytt stor spenning til nominasjonsprosessen etter at Margrete Svinvik ga beskjed om at ho ikkje stilte til gjenval.  Det er mykje som skal klaffe i ein slik nominasjonsprosess, og no var altså tida inne for å presentere den nye trioen på toppen av lista.  

Dei tre på toppen av lista er Hugo Pedersen, som er partiets ordførarkandidat og vil være kummulert på vallista.  På andreplass er Lars Inge Kvande ført opp, medan leiaren i Surnadal Senterparti, Silje Beate Holten er ført opp på 3.-plass.  Resten av lista vil bli sett opp når partiet arrangerer nominasjonsmøte.  Dette vil truleg skje i løpet av mars, men det blir bestemt på årsmøtet 24. januar.  Resten av lista blir sett opp alfabetisk når ho blir presentert. Heile lista må sjølvsagt godkjennast av nominasjonsmøtet.  

Påtroppende og avtroppende? – Hugo Pedersen er ordførarkandidaten til Surnadal Senterpårti – Margrete Svinvik sitt i ordførarstolen på fjerde året. Foto Jon Olav Ørsal

Av viktige fanesaker for neste periode beskriv Hugo med eit  ord – nemleg «bolyst».  Med det meinar han at vi som er her vi blir her, og vi jobbar saman for å få hit fleire.  – Vi må skape gode opplevingar for ungdomane, slik at dei kjem att etter utdanning.  Satsing elles blir samferdsel, med Todalsfjordprosjektet og utbetring av RV65, og sjølvsagt store utfordringar med helse og omsorg.  Ei stor utfordring ligg også i å ta vare på dyrkamarka rundt elva Surna og andre elvar.  I det heileteke er vi opptekne av at kommunen skal bli god å bu i.  

Andre viktig oppgåver for det nye kommunestyret blir fullføring av planane om nytt helsehus, fleire omsorgsbustader, bustadfelt i Øygardslia, fortsettelse på sentrumplana for Skei for å nemna noko.   Eller som den nye troikaen sa det – vi har mykje av det vi treng, men vi treng fleire hender!

Publisert: 23. januar 2023, 18:40