Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine forhold er det også i Svinvikrunden – på barmark

Jon Olav Ørsal Sundag 15. januar 2023

Har du ønske om å ta ein trimtur på barmark – utan ski, så er Svinvikrunden eit godt alternativ akkurat no. Rett nok er det ikkje barmark heile runden, men det er godt å ga til fots. Og er du utrusta med gode vintersko med pigg, så er du på trygg grunn. Søndag var det fleire som nytta høvet til ein søndagstur på barmark.  

I Langkleiva var det bart og fint å gå. Foto Jon Olav Ørsal

Det meste av runden er rett nok barmark, med på den øverste delen er det litt snog is på dei to flatene, medan heile vegen som er bryta er så godt som isfri.  Den nedre delen rundt om Vika er det litt snø, men det går godt å gå på kanten.  Er du redd for å få eit fall, så lønner det seg å være litt forsiktig – det er tross alt vinter, og da endrar føret seg fort.  Det må du faktisk ta ansvar for sjølv.  Vi tok turen tur retur frå Snøya til Svinvika i øvre delen søndag da var føret slik som bilda viser.  

Litt is og snø på flata innover mot Kammen – men fint å gå på kanten. Foto Jon Olav Ørsal

Frå «Utsikten» har du denne utsikten – ned mot Svinvik Gard og vidare til høgre mot Svinviks arboret. Foto Jon Olav Ørsal

Vil du gjera litt meir ut av turen, så kan du registrere turen din på «Turar i Todalen» hos Todalen IL. Stikkut er aktiv berre på sommarhalvåret her i svinvikrunden. Foto Jon Olav Ørsal.

 

Publisert: 15. januar 2023, 15:59