Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7204 artiklar i dette arkivet.


Bli med på påskevandring i ord og tonar

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

«SE VI GÅR OPP TIL JERUSALEM» Slik står det i ein av salmane for fastetida, salme 117 i Norsk salmebok. Den store høgtida påske står for døra, og det blir markert i Stangvik kyrkje onsdag 29. mars kl 19. Då  får vi vere med på påskevandring, i ord og tonar, som startar med inntoget i Jerusalem, der Jesus rir på eit esel og folk kastar palmegreiner framføre han. 


Kaffeslabberas og avslapping i solveggen

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

Jammen var det godt med ein dag med sol og blå himmel – men det vart fort kaldt dersom du kom litt i skyggen.  Venner av Skulstua arrangerte «kaffeslaberas» der ein kunne være sosial og nyte livet – både ute og inne.  Både store og småe nytta høvet til å traffast til ein uformell kaffedråpe, og det mangla slett ikke på kaffebrød, der ein kunne finne noko for ein kvar smal – nystekte kanelsnurrar er da slett ikkje verst – heller ikkje sjøkoladekaka som gikk unna som berre det.


Bra innsats på individuell i Val Louron i dag

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

Laurdag var ein ny god dag for dei to som deltek i YWC i Val Louron i Frankrike.  Malin Indergård frå Romsdal RK var framme og lukta på pallplassen i klasse U18W, men ved målgang vart det 4.-plass av dei 22 starta i hennar klasse.  Erik held framleis forma innafor «top 10» og kom i dag […]


Tidenes påskesalg starter laurdag kl 10

Jon Olav Ørsal Fredag 24. mars 2023

Laurdag kl 10 lønner det seg å være på plass på butikken på Kårvatn Fjellutstyr!  Da startar tidenes påskesalg som også skal markere ein milepæl for butikken som i år fyller 31 år. Plana var å markere 30-årsjubileum i fjor, men covidpandemien sette egentleg ein stoppar for det.  – Men no skal vi iallfall markere 31-årsjubileum og da blir ein ekstra prosent i avslag ettersom meir eller mindre heile butikken i dagane fram mot påske går for 31% avslag, seier Gudmund Kårvatn, som er gründeren som starta butikken på låven.  


Ein drope – og litt til…

Bernt G. Bøe Fredag 24. mars 2023

Nyleg inviterte vi til Åsskard-kyrkja på songdugnad for dei jordskjelvramma i Midt-Austen. No er inntektene talde opp – ein fem kvarters konsert gav 17.280 kroner til Kirkens Nødhjelp. Javisst passar tittelen på konserten – «Ein drope i havet». Folketal som i ein større norsk by omkom. Kirkens Nødhjelp melder om 15 millionar nødlidande berre i Syria. […]


Kort rapport frå YWC i Val Louron i Frankrike

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mars 2023

I dag har det vore full fart i løypa i YWC i Val Louron i Frankrike – Erik Kårvatn og Malin Indergård står på for fullt, men har no forflytta seg til Val Louron i Frankrike.  I det fine vårvêret er det Vertical Race som har stått på programmet i dag, og det er kortarma T-Skorte […]


Minimesse med skikkeleg snekkarmiljø

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mars 2023

Onsdag stod Byggmakker Surnadal som arrangør av Byggproff-messe i butikkens lokaler, fortel Konrad Våbenø hos Byggmakker.  – Det er viktig å treffast og utveksle erfaring med dei etablerte snekkarane – sjølv om dei er konkurrentar så er det eit utruleg godt miljø snekkarane mellom.  Byggmakker serverte viltgryte på heile gjengen, og stilte opp med fleire leverandører som kunne bidra med faglege innslag og informasjon om sine produkt. 


Bra deltaking på Næringslivsdagen i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mars 2023

Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør av Næringslivskonferansen i kulturhuset, der det var deltakarar frå heile Nordmøre og meir til.  Det er 19. gong det arrangerast næringslivskonferanse, og samla nok fleire deltakarar enn nokon gong. – Det var eit godt og variert program banksjef Allan Troelsen kunne ønskje velkomen til, der det var aktørar frå både lokale og nasjonale bidragsytarar på scena i Surnadal kulturhus.


Utviklingsprisen til Sollid Mek. Verksted v/Steinar Skrøvset

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mars 2023

Det var knytt stor spenning til utdelingen av «Utviklingsprisen» under Næringslivskonferansen som Sparebank1 Nordvest arrangerte i dag.  Det er 22. gang at prisen deles ut, og gjennom tiden har det vært mange verdige vinnere.  Årets vinner presenterte banksjef Allan Troelsen på følgende måte:  


Talgø har behov for flere på laget

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mars 2023

På Talgø er det ledige stillinger som lyses ut i disse dager –  Talgø Bygg i Todalen søker etter prosjektleder, mens Talgø Møretre søker etter digital markedsfører ved sin markedsavdeling.  – I stillingen som prosjektleder får du ansvar for prosjektering og prosjektledelse tilknyttet Talgø Bygg sin elementfabrikk, mens Talgø MøreTre ser etter deg som kan være med å gi Talgø et løft i de digitale kanalene.  Som digital markedsfører og innholdsprodusent hos Talgø får du ansvar for en rekke digitale aktiviteter. 


Ein dråpe i havet – vart til 17 280 kroner

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2023

Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid i Åsskard kyrkje for eit par veker sia.  Bernt Bøe som var iniativtakar til støttekonserten rosar dei som stilte opp og deltok – både publikum og artistar, ikkje minst barnekoret Amigo frå Bøfjorden. 


Mykje dårleg asfalt etter vinteren

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2023

Ein rundtur i Todalen med reparering av asfaltdekke er ikkje noko nytt for Ola Svinsås og gjengen på Veidekke.   Det er faktisk mykje av asfalten frå Svinviktunellen og rundt bygda som er i ferd med å gå i oppløysing.  Tysdag var Ola Svinsås frå Veidekke i gang med å reparere eit stort hol i vegen like ved kyrkja.  Han bruka opp ein heil stabel med reparasjonsmasse før han fikk fylt holet nokon lunde.