Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minimesse med skikkeleg snekkarmiljø

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mars 2023

Onsdag stod Byggmakker Surnadal som arrangør av Byggproff-messe i butikkens lokaler, fortel Konrad Våbenø hos Byggmakker.  – Det er viktig å treffast og utveksle erfaring med dei etablerte snekkarane – sjølv om dei er konkurrentar så er det eit utruleg godt miljø snekkarane mellom.  Byggmakker serverte viltgryte på heile gjengen, og stilte opp med fleire leverandører som kunne bidra med faglege innslag og informasjon om sine produkt. 

Litt produktinfo hører med på slike kveldar. Foto Byggmakker

Dagen starta med at Byggmakker inviterte Byggfagelevane på Surnadal Vidaregåande skule  – tilsaman var det eit tjuetal lærarar og elevar som deltok og rundt eit 50-tal med proffsnekkarar.  – Vi tykkjer det er fint at tømrarelevane vil være med oss, og det er da ikkje dumt å innleie samarbeid med vante og rutinerte snekkarar som har mykje å lære frå seg.  

Dei fleste av oss som jobbar på Byggmakker er «gamle» snekkarar som til saman har mykje erfaring å by på – både for byggfagelevane og for proffsnekkarane som er med.  Og så krydrer vi med gratislotteri og litt lett underhaldning for å få desse kveldane litt trivelege, seier Vøbenø som er messesjef for høvet.  Vil du lese meir om minimessa på Byggmakker kan du klikke deg inn på Driva eller på Trollheimsporten.  

Publisert: 23. mars 2023, 16:39