Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje dårleg asfalt etter vinteren

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2023

Ein rundtur i Todalen med reparering av asfaltdekke er ikkje noko nytt for Ola Svinsås og gjengen på Veidekke.   Det er faktisk mykje av asfalten frå Svinviktunellen og rundt bygda som er i ferd med å gå i oppløysing.  Tysdag var Ola Svinsås frå Veidekke i gang med å reparere eit stort hol i vegen like ved kyrkja.  Han bruka opp ein heil stabel med reparasjonsmasse før han fikk fylt holet nokon lunde. 

Dei hola som oppstår i asfalten veks heile tida utover og blir stadig større – i fjor haust var det mange hol frå tunellen og innover, og asfaltrep blir nok hovudsysselen i år også.

Da er nok eit hol fylt opp – så lenge det varer? Foto Jon Olav Ørsal

Sett ned farten når du passerer!
Svinsås oppmodar folk om å sette ned farten når dei passerer folk som jobbar på vegen.  Vi er forskriftsmessig kledd, og bilen står med blinklys på, slik at det skulle ikkje være noko problem å sjå oss – vi oppfordrar alle til å sette ned farten når du passerer.  

Publisert: 21. mars 2023, 12:00