Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra deltaking på Næringslivsdagen i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mars 2023

Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør av Næringslivskonferansen i kulturhuset, der det var deltakarar frå heile Nordmøre og meir til.  Det er 19. gong det arrangerast næringslivskonferanse, og samla nok fleire deltakarar enn nokon gong. – Det var eit godt og variert program banksjef Allan Troelsen kunne ønskje velkomen til, der det var aktørar frå både lokale og nasjonale bidragsytarar på scena i Surnadal kulturhus.

Mingling i foajen i kulturhuset i kaffepausen – foto Jon Olav Ørsal

Første på scena i kulturhuset var Steinar Juel frå Civita som snakka om økonomi og utsiktene mot framtida, før de lokale næringslivsfolka fekk sleppe til. – De lokale bidragsytarane var Lars Ove Løseth frå Alti, Tine Grytnes Laskerud frå Angvik Grytnes  Entreprenør og Roland Mauset som tok tempen på næringslivet.  Ola Grytten frå Norges Handelshøgskule fortsette med makroutsikter for næringslivet på Nordvestlandet, medan Halvard Fjeldvær sette søkelyset på lokale truslar eller moglegheiter. 

Deltakarane på panelldebatten – frå venstre Jan-Erik Larsen, Hege Gåsvatn, Lars Ove Løseth, Hallvard Fjeldvær, Lina Mogstad og Ola Grytten

Etterpå danna dei paneldebatt, der Ola Grytten, Lars Ove Løseth, Hege Gåsvatn, Lina Mogstad og Halvard Fjeldvær deltok – deabatten vart leia av Jan-Erik Larsen som var dagens konferansier.  Her vart det konkudert at straumpris, krig i Europa og pandemi nok hadde påverka oss, men tross alt gjekk det nokon lunde bra.

Etter lunchpausen var det tid for utdeling av Utviklingsprisen for 2023 – den gjekk til Sollid Mek. Verkstad og er omtala ein anna plass på nettsida.  -Neste post på programmet var gründerkoordinator Monika Eeg frå arrangørbanken – hun orienterte om kvifor banken satsar på gründere og korleis dette virkar i lokalsamfunnet – mellom anna var det eit innslag frå verksemda til Marte Helgetun – lokal gründer som har lukkast godt. 

Trollforskarane Åse Børset og Gøran Bolme presenterte iTrollheimen og Helgatunmarka. Foto Jon Olav Ørsal

Lukkast har også Gøran Bolme og Åse Børset som har starta opp og fått skikkeleg svong på sitt prosjekt iTrollheimen som har tilhald i Helgetunmarka i Rindal.  Dei fortalte korleis dei har satsa og kva som har gjort at dei har lukkast.  Det siste frå Helgetunmarka er «trollforskingsstasjonen» dei har etablert, og som fenga både store og små som besøker «forskingsstasjonen» som er den einaste av sitt slag i verda.

Bjørn Hauglann frå Talgø MøreTre hadde innslag om brannsaka – Foto Jon Olav Ørsal

Salgs- og marknadssjef Bjørn Haugland hadde eit sterkt innslag om kva som skjedde da royalprodukta til Talgø MøreTre vart avklassifisert og ikkje godkjent for sal ein periode.  Det er no gått over 2 år, og enno er ikkje saka laust, men royal produkta er i sal igjen og Talgø har i mellomtida lansert royal 2.0 som er godkjent klasse D og dermed fått dei naudsynte klassifiseringane for bruk i bygg. 

Arne Hjeltnes hadde eit humørfylt innslag til ettertanke – foto Jon Olav Ørsal

På tampen av dagen stod innslag med medisinmannen Jørgen Skavlan, men han hadde meldt sjukdomsforfall og på kort varsel steppa Arne Hjeltnes inn med dagens siste programpost som han hadde kalla «Nokre tankar om kva som funkar».  Hans filosofi er at det går an å prøve –  være nysgjerrig og så lønner det seg å spørje og så må ein være open for innovasjon – og tenkje nytt. 

Publisert: 22. mars 2023, 19:59