Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaffeslabberas og avslapping i solveggen

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

Jammen var det godt med ein dag med sol og blå himmel – men det vart fort kaldt dersom du kom litt i skyggen.  Venner av Skulstua arrangerte «kaffeslaberas» der ein kunne være sosial og nyte livet – både ute og inne.  Både store og småe nytta høvet til å traffast til ein uformell kaffedråpe, og det mangla slett ikke på kaffebrød, der ein kunne finne noko for ein kvar smal – nystekte kanelsnurrar er da slett ikkje verst – heller ikkje sjøkoladekaka som gikk unna som berre det.

Her kunne du være sosial og treffe folk i «kafeteriaen» eller kanskje du heller ville ta med deg kaffekoppen ut i solveggen?  Den yngre garde trivdes også bra i 2. høgda, det et er innreid meir i ungdommeleg stil.  

Vi har laga eit lite bildegalleri frå kaffeslaberaset i Skulstua – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. mars 2023, 14:30