Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein dråpe i havet – vart til 17 280 kroner

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mars 2023

Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid i Åsskard kyrkje for eit par veker sia.  Bernt Bøe som var iniativtakar til støttekonserten rosar dei som stilte opp og deltok – både publikum og artistar, ikkje minst barnekoret Amigo frå Bøfjorden. 

Etter at både kontantar og Vipps er rekna saman så viser sluttsummen kr 17 280 som uavkorta går til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid. 

 

 

 

Publisert: 21. mars 2023, 12:22