Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kort rapport frå YWC i Val Louron i Frankrike

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mars 2023

I dag har det vore full fart i løypa i YWC i Val Louron i Frankrike – Erik Kårvatn og Malin Indergård står på for fullt, men har no forflytta seg til Val Louron i Frankrike.  I det fine vårvêret er det Vertical Race som har stått på programmet i dag, og det er kortarma T-Skorte som har vore arbeidsantrekket i dag.  På grunn av varmen har det vore bløtt føre, og dermed ikkje heilt optimalt. Men det er da likt for alle, sier Erik, som er godt nøgd med dagens løp og føler at forma er inne.

Norsk delegasjon i startområdet – frå venstre Kristoffer Strømdal Wik, Erik Kårvatn og Malin Indergård. Foto Jens Indergård

Dagens resultat er nok det beste Erik har opplevd på vertikal hittil.  Han hadde heile løpet kontakt med teten, og på slutten plukka han inn fleire, og kom i mål 1:13 etter vinnaren. Dette ga i dag 8.-plass i ein konkurranse med rundt 40 deltakarar i klasse U20 Men.  Et resultat som Erik er godt nøgd med og som tilsier at han har disponert kreftene godt gjennom løpet.  

Resultatliste frå dagens vertikal U20 Men – Erik sikra seg ein fin 8.-plass ett å ha gjennomfor eit vellukka løp.

Malin Indergård har også gått et godt løp i damenes U18-klasse.  Ho kom til slutt i mål på ei 10.-plass i ein konkurranse med 19 løparar i klassen. 

Laurdag er det ny satsing på individuell og søndag avsluttes med ein sprint.  

 

Publisert: 23. mars 2023, 20:30