Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på påskevandring i ord og tonar

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mars 2023

«SE VI GÅR OPP TIL JERUSALEM» Slik står det i ein av salmane for fastetida, salme 117 i Norsk salmebok. Den store høgtida påske står for døra, og det blir markert i Stangvik kyrkje onsdag 29. mars kl 19. Då  får vi vere med på påskevandring, i ord og tonar, som startar med inntoget i Jerusalem, der Jesus rir på eit esel og folk kastar palmegreiner framføre han.

Fungerande organist Bernt Bøe lovar påskesalmar, sprituals og musikk av Handel og Mendelssohn i Stangvik onsdag kveld. (Foto Randi Bøe)

 

Koret prosjekt 17 og tekstlesarar tek oss gjennom hendingane frå palmesøndag til påskedag, med bibeltekster og ein liten korkonsert med påskeaktuelt stoff som del av programmet. Torbjørn Brøske held andakt. Det blir allsong, der vi kan syngje med i «Dine hender er fulle av blomster», «Den stunda i Getsemane» og «Deg være ære».

Det blir høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikalsk arbeid, og kvelden blir avslutta med kveldsmat i prestegarden. Stangvik sokneråd ønskjer alle velkomne til givande påskevandring!

Publisert: 25. mars 2023, 16:29