Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tidenes påskesalg starter laurdag kl 10

Jon Olav Ørsal Fredag 24. mars 2023

Laurdag kl 10 lønner det seg å være på plass på butikken på Kårvatn Fjellutstyr!  Da startar tidenes påskesalg som også skal markere ein milepæl for butikken som i år fyller 31 år. Plana var å markere 30-årsjubileum i fjor, men covidpandemien sette egentleg ein stoppar for det.  – Men no skal vi iallfall markere 31-årsjubileum og da blir ein ekstra prosent i avslag ettersom meir eller mindre heile butikken i dagane fram mot påske går for 31% avslag, seier Gudmund Kårvatn, som er gründeren som starta butikken på låven.  

Frå den spede start – her er det open butikk på gammellåven! Foto Gudmund Kårvatn

Butikken starta bokstaveleg talt på låven for 31 år sia – sjølv om butikken starta i det små, så har den vokst seg større for kvart år og etter kvart måtte det ny butikk til – der butikken held til i dag – det er også butikken på låven.  Det er neleg ein gammel låve som vart flytta frå Oppdal til Kårvatn, der den passar inn i det spesielle tunet som vi kjenner så godt.  No ønsker Gudmund å markere jubileet med TIDENES PÅSKE- OG JUBILEUMSSALG PÅ KÅRVATN ,så dersom du klikkar på linken her så får du opp jubileumskatalog, det alle tilbuda er samla mellom to permar i den digitale katalogen. 

Opningstider i jubileumsveka og fram til påske:
Måndag 27. – onsdag 29. mars  12:00 – 19:00
Torsdag 30. mars                         10:00 – 19:00
Fredag 31. mars                            10:00 – 16:00 
Laurdag 1. april, måndag 3. april, tysdag 4. april og onsdag 5. april  10:00 – 16:00

Klikk på tilbudsplakaten for å vise jubileumskatalogen!

På gammellåven var låvebrua meir som ei marknadsgate – slik ser den ut i dag. Foto Gudmund Kårvatn

Vi har også lagt ut nokre historiske bilder frå den første tida med butikkdrift på Kårvatn.  Sjølv om det er berre dei siste 31 åra at det har vore butikkdrift så har nok Kårvatn hatt stor betydning for handelstrafikken mellom Oppdal og Fosna (les Kristiansund) og for turisttrafikken i Trollheimen – der fotturistane har bruka Kårvatn sia slutten av 1800-talet.  Det er da kanskje ikkje så unaturleg med handelsverksemd og butikk på Kårvatn.  

Detaljar frå butikken på gammellåven. Foto Gudmund Kårvatn

Her var kolleksjonane vist fram til kundane. Foto Gudmund Kårvatn

Siste skrik for mange år sia – og folk dem handla! Foto Gudmund Kårvatn

Det ypperste av sko den gongen for mange år sia – da som no er det satsa på kvalitetsvarer. Foto Gudmund Kårvatn.

Siste skrik i ski – etter kvart er det nok randonee-utstyret som dominerer i butikken i dag! Foto Gudmund Kårvatn

Frå 10-årsjubileet i 2002 – da var det nok moderne med røde anorakkar kanskje? Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Gründaren sjølv – foto frå august 2002. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. mars 2023, 14:35