Årsmøte på den digitale måten – oppdatert
Styreleiar I Todalen.no, Stig Husby var nok litt spent på korleis det skulle gå å arrangere årsmøtet på digistalt vis, med møtedeltakarane plassert framfor skjermen på kvar sin PC eller iPad. Men det var ingen grunn til å engste seg, for det gikk fort og grei å koble opp dei 12-13 møtedeltakarane og så var det berre å sette gå i gang med saklista. Med vanlege årsmøtesaker så gikk både opprop, årsmelding og rekneskap unna i ein fei.