Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mil etter mil med terrassebord – nytt høvleri settes snart i drift på Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. april 2021

Den gamle kranhallen på Talgø MøreTre på Syltøran i Surnadal kjem til heider og verdighet igjen, og blir no eit topp moderne høvleri.  Den gamle kranhallen er på ca 1500 m2, og passer akkurat for å installere maskiner og utstyr som skal brukes til å produsere mellom anna terrassebord i det nye høvleriet.

Torsdag var det opplæring på den nye høvelen som er datastyrt og beregna på rask omstilling. Frå vestre Stig Mikkelsen, Eirik Bolme, Per Gunnar Kjølstad, Erlend Lyngstad, Svein Olav Moe og Odd Berg. Foto: Jon Olav Ørsal

Hjarta i det nye høvleriet er sjølvsagt den nye høvelen, men det er også mykje anna utstyr som skal til for å få til eit moderne og effektivt høvleri med stor kapasitet, seier produksjonssjef Paul Lilleløkken. – Enkelt sagt så setter du inn heile pakkar med trelast som så går inn på ein ca 180 meter lang bane som går rundt i fabrikklokalet – først til avstrøing og så vidare til kapping og høvling før det etterpå lagges opp i pakkar som er klare til royalimpregnering når dei kjem ut att frå høvleriet. 

Det nye høvleriet er ei invistering på ca 15,0 rundt mill. kroner  og vil auke kapasiteten med rundt 30.000 m3 med ei bemanning på 2 personar på 2 skift i første omgang – dette kjem i tillegg til rund 75.000 m3 som er kapasiteten på det gamle anlegget.  Den nye og moderne høvelen er sjølvsagt datastyrt og programmerbar, slik at dein sparer tid ved omstilling mellom forskjellige dimensjonar.  

Som sagt så er ein no i gang med installasjon av utstyret og samtidig pågår det opplæring av mannskapet som skal betjene det nye høvleanlegget.  Snart kjem produksjonen i gang og Paul og gjengen på høvleriet gler seg til å kjøre igang det nye anlegget som blir eit kjærkome tillegg no når det er høgsesong på terrassebord.

Det er så store turtall og mykje støy av høvelen at den har fått eit eige lydisolert hus inne i fabrikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Automatisk brannslokningsutstyr i avsug og flissilo. Her er sentralen som styrer slokkeprosessen. Dersom det er metallrester i trelasten kan det fort bli gnistar og branntilløp. Da er det godt å ha eit slik anlegg, seier Lilleløkken. Foto: Jon Olav Ørsal

Det blir mykje verktøy i ein slik fabrikk – denne viser over 50 kg på vekta og kostar nok ein god slump! Foto: Jon Olav Ørsal

Materialane går på transportbane rundt i fabrikklokala – rundt 180 frå start til mål. Det fine med ein slik bane er at ein kan ha ein bugger i produsjonen sli at truckkøyrarane rekk å mate og ta unna. Foto: Jon Olav Ørsal

Eiga avdeling for sliping av vektøy til alle høvlane og sagene er også lokalisert til fabrikken – her kan vi kvesse alt verktøy. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. april 2021, 15:42