Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta: Signaturen kom fram i dagen 121 år etter…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. april 2021

For 121 år sia låg det ein annan kar på kne her og spikra fast gulvplankar på eit av soveroma på Todalshytta.  Det var Bendt Ellingsen som var ein av snekkarane som var med og bygde Todalshytta i 1900. Under restaurering av gulvet i suiten kom det fram i dagen ein signert gulvplanke.

Bendt Ellingsen Løken of Sundalen Bruseth den 25. mai 1900. Født Opøien i Orkedal den 21. juni 1846 Foto: Jon Olav Ørsal

Gulvet på soverommet vart lagt den 25. mai 1900, og da signerte Bendt Ellingsen på eit underbord, der det klart og tydeleg står:

Bendt Ellingsen Løken of Sundalen
Bruseth den 25. mai 1900
Født Opøien i Orkedal den 21. juni 1846

Artig å finne att slikt, seier Magne Søyset som 121 år etterpå er hyra inn for å reparere ein vannskade i eit karnapp i det store soverommet. – No er signaturen kledd inn igjen, og kanskje tek det meir enn 121 år før den kjam fram i lyset igjen – kven veit? 

Publisert: 21. april 2021, 18:00