Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Båtutlegget fann sin eigarmann…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. april 2021

Karl Johan Husby bur på Todalsøra og driv litt hobbyfiske med sjarken sin – som ligg til kai på Todalsøra. Karl Johan var ute for å prøve fisket ein dag denne veka, og da fant han eit solid båtutlegg som sannsynleg vis hadde kome rekande utåfrå fjorden – eller kanskje heilt uti i frå «fysnå».  No ettelyser Karl Johan det rettsmessige eigar av båtutlegget, slik at dei igjen kan bli forent – og eigaren er faktisk funnen!

Det er eit karaftig båtutlegg med ei stor blåse og solid tau mellom blåsa og ankeret som og er solid av såkalla ploganker.  Det vart funne eit lite stykke frå land ved Vorphaugen utafor Ansneset i Todalen.  Sannsynleg vis har det slite seg laus ein eller anna plass uti fjoren og kome drivande under siste stormen.  Når det da kom inn på grunna ved Vorphaugen så hadde aneret huka seg fast og dermed vart det stopp der. 

Karl Johan Husby har sjarken sin liggande til kai i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Karl Johan har hydraulisk vinsj på sjarken og bruka den til å ta opp ankeret og blåsa for å ta det med til hamn på Todalsøra.  No søker han altså det rettsmessige eiga til utstyret som ikkje er skikkeleg og forskriftsmessig merka.  Det står 4 bokstavar som er skrive med tusj og mesta utvaska av eit langt liv i sjøen – det ser ut til å tyde STAD.   Har du peiling på kvar dette utstyret høyrer heim – ein eller anna plass utover i frå Todalsfjorden – da tek du kontakt med Karl Johan Husby.  

Siste – eigaren er funnen!

Etter berre eit par timart meldte eigaren av båtutlegget seg.  Det tilhøyrer ein fritidseigedom ved Todalsfjorden, og har nok løstna i siste stormen og berre sigla rundt litt i Todalsfjorden – før det hadde hefta seg fast på grunna ved Vorpnesset.  Vel blåst!  – da fekk saka ei lykkeleg løysing via Todalen.no.

her kan du skimte 4 bokstaver – STAD. Elles er det ikkje så mykje som kan hjelpe til med å spore opp eigaren av båtutlegget. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. april 2021, 11:53