Årsmøte i Start 4H
Start 4H kallar inn til årsmøte tysdag 18.mai klokka 18:00 i Skulstuå. Vanlege årsmøtesaker. Sitjande styre oppmodar alle medlemmene om å tenke gjennom kva prosjekt dei ønskjer å ha som prosjektoppgåve i 2021!
Vi fann 2368 artiklar i dette arkivet.
Start 4H kallar inn til årsmøte tysdag 18.mai klokka 18:00 i Skulstuå. Vanlege årsmøtesaker. Sitjande styre oppmodar alle medlemmene om å tenke gjennom kva prosjekt dei ønskjer å ha som prosjektoppgåve i 2021!
Redaktør Knut Brevik i blada Villmarksliv, Jakt og Alt om fiske, har laga ein podcast med Gudmund Kårvatn. Her fortel Gudmund om målestasjonen for luft og vatn på Kårvatn, som vart etablert i 1976 av NIVA. Bakgrunnen for etableringa var at vatna og lufta er dei reinaste i Nord-Europa, og blir brukt som eit såkalla «nullpunkt» og dermed er eit referansepunkt for andre målingar som blir gjort.
På Adressa.no kunne vi laurdag 1.mai lese om utflytta todaling Kåre Olav Mossing (42), som er «kongen» av Airbnb i Trondheim. Kåre Olav leiger ut rom i si eiga leilegheit, samstundes som han bur der sjølv. Som vi ser, så har Kåre Olav pynta opp leilegheita si med levande blomster, planter og lys litt over snittet, og det er blomster og planter i alle rom. Dette ser ut til å gå heim hjå dei som ønskjer å leige rom i Trondheim for ei natt, eller ein kortare periode. Tal frå Airbnb syner at Kåre Olav er den med flest utleigedøgn i Trondheim, som er formidla gjennom Airbnb sitt booking system.
Ved midnatt i kveld går Surnadal Sparebank ut av historia og blir til Sparebank1 Nordmøre. Dette som eit resultat av at Surnadal Sparebank og Sparebank1 Nordvest går saman og blir til Sparebank1 Nordmøre. Målet med samanslåinga er å skape ein ny og enda meir attraktiv og slagkraftig lokal sparebank.
I ei sak som er lagt ut på regjeringa sine heimesider i dag, om royalbehandla trekledning, får vi opplyst at royalbehandla kledning no kan få midlertidig bruksløyve dersom sikkerheitskrava i TEK17 elles er oppfylt. Dette blir gjort ved ei forskriftsendring, der ein ikkje lempar på krava til sikkerheit, men tek bort den absolutte koblingsregelen mellom Byggteknisk forskrift (TEK17) og Forskrift om dokumentasjon av byggevarer, som har vore gjeldande fram til i dag.
I går kveld hadde Todalen Idrettslag eit smitteverntilpassa årsmøte. Det var 16 medlemmer som hadde møtt opp for å vere med på årsmøtet. Årsmøtet valde Michal Kalseth Heimlund som ny leiar etter Nils Ove Bruset, som ikkje tok attval, etter å ha vore leiar i 3 år. Aktiviteten i idrettslaget vart, som så mykje anna i samfunnet, råka av koronpandemien i 2020, men har trass i dette greidd å halde eit ganske bra aktivitetsnivå, spesielt for barn og unge.
Svinviks arboret inviterer til vårdugnad torsdag 6.mai klokka 18:00. Arboretet håper på godt oppmøte til ei triveleg arbeidsøkt for å gjere hagen klar til sesongen.
I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, får vi opplyst at koronavaksineringa ikkje tek sommarferie, slik at vaksineringa vil gå gjennom heile sommaren, utan opphald. Nedanfor kan du lese heile pressemeldinga frå kommunen:
Frå og med fredag 30.april viser Surnadal kino den danske oscarvinnaren «Et glass til» og dokumentarfilmen «Generasjon Utøya» der vi møter fire av dei som var på Utøya da tragedien hende for snart 10 år sidan – og som ikkje har gjeve opp sitt politiske engasjement.
Nedteljinga til 1.mai og oppstart av ein ny Stikk UT!-sessong har vore i gang i lang tid. Frå laurdag blir det mogleg å registrere kodar att, og det meste skal vere på plass, melder Nordmøre og Romsdal friluftsråd i ei pressemelding tysdag kveld.
Vi har fått ei pressemelding frå Amfi Kreativ, der dei informerer om at årets vårmagasin for Surnadalsregionen kjem ut i dag.
Styret i Todalen Idrettslag minner om årsmøtet torsdag 29.april klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Alle møtedeltakarar blir registrert med namn og telefonnummer, og får ved oppmøte tilvist plass. Dette i tråd med gjeldande smittevernreglar.