Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvikmålarane med utstilling

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juli 2021

Galleri Bondehuset er glade for å kunne presentere utstillinga Opera Visuale (Visuelle verk) med stangvikmålarane, Anne Grete Kvendset, Rannveig Brøske og Berit Anne Botten Røkkum. Opninga er i forkant av Operakvelden fredag 30.juli kl 17:00.

Dei tre eldre damene er av god gammel årgang og har mange år med pensel og lerret bak seg.

Anne Grete Kvendset (75) sier hun r mest inspirert av å gå på utstillingar for å sjå på kunst, både på galleri og museum. Ho vart tidleg interessert i å lære meir gjennom kurs, og tok blant anna ei rekkje teikne- og målekurs med Jon Arne Mogstad på 1980-talet. Ho har også delteke på Midtnordisk kunstfestival på Inderøya, der Ninni Rotmo Olsen underviste i måling og Jostein Kirkerud i komposisjon. Anne Grete Kvendset har vore med på mange utstillingar opp gjennom åra. Ho har også vore med på landart i Torvika og hatt fleire utsmykkingar i bygg i Surnadal.

Berit Anne Botten Røkkum (74) starta med måling i 1998 som ledd i ein terapeutisk prosess.  Dei siste åra har ho vore mest aktiv med fotografering på turar i naturen. Dette er første gongen ho stiller ut fotografi. Ho er opptatt av dei små detaljane i naturen, med fargekombinasjonar og ulike komposisjonar. Ho likar å måle abstrakt. Bileta er ein kombinasjon. Både i måleria og i foto prøver ho å få fram den indre stemninga i seg sjølv. Berit Anne Botten Røkkum har vore med på fleire kollektivutstillingar og er innkjøpt av Surnadal kommune.

Rannveig Brøske (72) har gått på fleire målarkurs i medan ho arbeidde i Sjømannskyrkja i Paris, Stockholm og og San Francisco. Rannveig Brøske blir inspirert av å sjå på kunst, enten det er utstillingar i store museum eller små galleri. Ho googlar og finn bilde av forskjellige kunstnarar på nettet. Turar i skog og mark gjev også idear og inspirasjon. Det å få festa noko til lerretet, går for Rannveig mykje ut på å prøve seg fram. Sjølve prosessen blir svært viktig, og i den leitar ho etter eit uttrykk som ho står for.  Rannveig har vore med på fleire kolletivutstillingar.

Brit Dyrnes er glad for å få til ei utstilling med stangvikmålarane Berit Anne Botten Røkkum, Rannveig Brøske og Anne Grete Kvendset. Foto: Anita Land

Alle tre blir å treffe på opninga i Galleri Bondehuset fredag 30.juli kl. 17:00. Etter opninga er det  Operakonsert i Bondehuset der ein kan kjøpe eit måltid laga av italienske mesterkokkar. Vil du på Opera må ein vere rask med å sikre seg billettar, sidan det tek til å fyllast opp.

Publisert: 27. juli 2021, 16:48