Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferieprega sykkeltrim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juli 2021

I kveld arrangerte Trimgruppa i Todalen Idrettslag sykkeltrim. Oppmøtet bekrefta vel på mange måtar at det er ferietid og at temperaturen freista meir til andre aktivitetar enn sykling denne kvelden. Men dei som møtte opp og tok turen rundt bygda fekk ein fin tur. 

Da er runden unnagjort! Foto: B G Ansnes

Etterpå var det sosialt samvær med bakels med graut og kaffe. Frå kiosken var det og mogleg å kjøpe andre forfriskingar. 

Sosialt samvær med bakels med graut og kaffe, samt andre forfriskingar. Foto: B G Ansnes

Etterpå tok fleire av deltakarane på kveldens sykkeltrim eit dukkert, for å avkjøle seg litt i sommarvarmen. 

Publisert: 28. juli 2021, 19:01