Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bil av vegen – mistanke om promillekøyring

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. august 2021

Klokka 1:43 i natt fekk operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt tips om mogleg promillekøyring i Todalen. Ei politipatrulje kom raskt til staden og fann ein bil som hadde hamna utanfor vegen, like ved Øyabrua på Pilskarvegen. Den mistenkte sjåføren vart funnen gåande få hundre meter frå ulykkesstaden. 

Mistenkte vart teken med og framstilt for blodprøve. Mannen, som er i 20-åra, er anmeldt for køyring med promille og sak er oppretta. 

Det oppstod ingen person eller materielle skadar ved utforkøyringa. 

Det er politiet i Møre og Romsdal som opplyser dette på Twitter.  

Publisert: 1. august 2021, 08:30