Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjerning av trigonomiske punkt-signal i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. juli 2021

For å kunne kartlegge Norge via flyfoto, vart det på 50- og 60-talet sett opp såkalla trigonomiske punkt-signal (trig.punkt-signal) rundt om i Norge. Desse signala vart sett opp mange plassar, òg langt til fjells. Etter at GPS no heilt og fullt har overteke som hjelpemiddel i slike kartleggingar, har trig.punkt-signala mista funksjonen sin, og Statens kartverk har sett i gang eit prosjekt for å få fjerna dei signala som framleis står. 

Todalen Idrettslag har fått ei oppfordring om å fjerne dei 15 trig.punkt-signala som framleis er registrert i Todalen. Desse signala er stort sett å finne på fjellet, og det er viktig å få fjerna desse, slik at barduner og liknande ikkje forureinar naturen. Difor ber Todalen Idrettslag no om hjelp frå fjellgåarar for å få teke ned desse trig.punkt-signala. 

Alle trig.punkt-signala, som i si tid vart sett opp i Todalen, er laga av ikkje-impregnert materiale, noko som gjer at det er berre bardunene som må takast med ned frå fjellet. Sjølve trig.punkt-signala kan takast ned og leggast i ein haug, utanfor sti, for å råtne opp der. Bardunene skal leverast på Bordholmen for oppsamling og innlevering. 

Todalen Idrettslag får ein liten kompensasjon for kvart trig.punkt-signal som blir teke ned og fjerna, så dette er ein fin måte å hjelpe idrettslaget med å få ei lita inntekt, samstundes som ein får ein fin tur.  

Dersom du vil hjelpe Todalen Idrettslag med denne jobben, så finn du plassane med trig-punkt signal på kartet: «Trigonomiske punkt Todalen«. Dersom du ønskjer å bidra, ta kontakt med Michal K. Heimlund på telefon: 908 83 091 eller e-post: michalheimlund@gmail.com 

Når du tek kontakt med Michal for å registrere at du vil bidra, vil du få ein liten instruksjon om kva du må gjere. Men det er viktig å dokumentere fjerninga av trig.punkt-signalet ved å ta eit bilete før trig.punktet-signalet blir teke ned, og etter at nedtakinga er gjennomført. Bardunene, lause boltar og eventuelle anna laust metall, som har vore nytta brukt til trig.punkt-signalet, må takast med og leverast på Bordholmen. 

Kart som viser kvar det i dag står att trigonomiske punkt-signal i Todalen. For å sjå betre kart, trykk på lenka lenger opp i saka.

 

Publisert: 29. juli 2021, 14:26