Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open gard hos Oppistua Torvik i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. juli 2021

I morogn, søndag 1.august, er det open gard hos Oppistua Torvik i tidsrommet 11:00 – 16:00. Bondepikenes kafe vil vere open under heile arrangementet. Det vil og bli mogleg å få vere med på foring av dyra, klapping av dyr, ri, ta ein tur i «mini-traktor»-parken, bli med på tradisjonelle leikar i tunet samt å teste snekkarkunnskapane sine i snekkarbua.

Så har du lyst til å oppleve gardslivet på nært hald, så er det berre å ta turen til Torvika i morgon.  

Proggrammet for dagen:

  • 11:00 – Foring og presentasjon av dyra
  • 11:30 – Ansiktsmåling 
  • 12:00 – Barneridning
  • 15:00 – Barneridning

Fullstendig program og prisar finn du nedanfor:

Meir informasjon om Oppistua Torvik finn du på heimesida deira: «oppogut.com»

Publisert: 31. juli 2021, 15:58