Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norsk Vandrefestival 2021 – Rindal 6. – 8.august

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. juli 2021

Neste helg blir Norsk Vandrefestival arrangert i Rindal. Festivalen tek til fredag 6.augst og varer til og med søndag 8.august. Dette er den 11. utgåva av Norsk vandrefestival, og vart sist arrangert i 2019. Årets utgåve går altså føre seg i Rindal, og har eit varierert og innhaldsrikt program. Tema for årets festival er historie, og festivalen vil difor ha eit eige «vikingmarked».

Det er Møre Frie Vikingar kjem til festivalen med eit stort «vikingmarked», der dei vil vise fram kultur- og handverkstradisjonar frå vikingetida. Vikingane var eit farande og vandrande folkeslag. Vandrartradisjonen er ein tradisjon som sidan har vore sterk i Norge. Med sin kultur har vikingane, på sin måte, påverka utviklinga av landet vårt. Dei lærte seg å gjere nytte av det naturen gav, både til lands og vanns.   

Norsk Vandrefestival. Foto: Arkiv

Som vi tidlegare har sagt, så er det eit variert og innhaldsrikt program under årets utgåve av Norsk Vandrefestival. Her er det fleire fotturar, med mellom anna tur til Norges største furu, festivalmarknad med kunst- og tradisjonshandverk, «trøndersk matfestival» og konsertar både fredag og laurdag, for å nemne noko av det som går føre seg under årest festival.  

Billettar til Norsk Vandrefestival 2021 kan du kjøpe her: «Billettar til Norsk Vandrefestival 2021″

Fullstendig program for Norsk Vandrefestival ser du nedanfor:

Du kan òg besøke Norsk Vandrefestival si eiga heimeside: «norskvandrefestival.no»

Publisert: 31. juli 2021, 13:25