Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1913 artiklar i dette arkivet.


Contrazt på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

Fredag 25.juni klokka 19:00 kjem Contrazt til Surnadal kulturhus. Contrazt er eitt av Norges mest turnerende danseband. Kvart år har det kome ut nye CD-plater som har gjeve både heder og ære i form av 4 gullplater og for ikkje å gløyme fire tituleringar som årets danseband, årets danselåt og årets musikar. Contrazt jubilerte nyleg og har lagt ein av jubileumskonsertane sine til Surnadal kulturhus. 


1. og 2. kandidaten på SV si stortingsvalliste på Todalsbesøk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

Måndag ettermiddag var 1. kandidat, Birgit Oline Kjerstad og 2. kandidat, Kim Thoresen-Vestre, på Møre og Romsdal SV si stortingsvalsliste, på Todalsbesøk. Inger Johanne Iversen og Karina Kalvik var med frå lokalpartiet i Surnadal. Tidlegare på dagen hadde Kjerstad og Thoresen-Vestre vore både på Talgø MøreTre i Surnadal og på Statkraft sitt anlegg på Harangen i Øvre Surnadal på besøk. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 27.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

Søndag 27.juni inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg er Leif Endre Grutle, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til Kirkens SOS. Vipps: 506908. 


Lokaloppgjer på Bordholmen i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål. 


Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

I anledning at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i år fyller 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett, der målet er at alle sanitetsforeningar over heile landet skal vere med. Kløverstafetten er eit lågterskeltilbod der lokalforeiningane saman, gjennom jubileumsåret, skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord. Stafetten starta 1.mars på Svinesund, og skal ende si ferd i Tromsø, siste helga i september, der NKS skal ha sitt jubileumslandsmøte denne helga. Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni. 


Åge, Gunnar og Trondheimsolistene til Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

I ei pressemelding frå laget Vårsøg i dag, får vi opplyst at Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen, Trondheimsolistene med fleire, kjem til Stangvik kyrkje tysdag 2.november klokka 19:30, for å halde konsert. Billettar til konserten kan du kjøpe på «surnadal-kulturhus.no» eller på billettautomaten på Surnadal kulturhus. Salet startar i siste av halvdel av august. 


St. Hans feiring i Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

Onsdag 23.juni klokka 18:00 inviterer Trimgruppa og Økonomi- og markedsgruppa i Todalen Idrettslag alle til St. Hans feiring ved gapahuken i Båthølen. Idrettslaget ordnar med grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv. Idrettslaget spanderer og kaffe og kaker etter grillinga. 


Lia Gard – siste gardsutsal før ferien på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. juni 2021

Fredag 25.juni mellom klokka 13:00 – 17:00 held Lia Gard ope gardsutsal, før dei tek ein kort ferie. Denne gongen kan dei, i tillegg til dei vanlege godsakene, i tillegg freista med ein nyvinning, nemleg rabarbraterte, laga av rabarbra frå eigen hage. 


Fotballkamp på Bordholmen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. juni 2021

Måndag 21.juni klokka 18:00 er det klart for nok eit lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J10 lag mot Surnadal J10. Det blir sjølvsagt open kiosk med graut og bakels. 


Dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. juni 2021

For å klargjere anlegget på Bordholmen stadion til Todalsdagen, arrangerer anleggskomiteen i Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni klokken 18:00. 


Inviterer til Todals-Cup i fotball 26.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. juni 2021

Med bakgrunn i dei smittevernreglane som vart kunngjort i går, har Todalen Idrettslag bestemt seg for å invitere til Todals-Cup i aldersbestemt fotball, laurdag 26.juni frå klokka 10:00 og utover dagen. Det er aldersgruppa 6 – 10 år som blir invitert, og alle lag i kommunane: Sunndal, Tingvoll, Heim, Rindal og Surnadal blir invitert. – Vi er litt seint ute, men vi har avventa dei nye smittevernreglane, seier leiar i Todals-Cupen, Ola Dalsegg. – Vi håper likevel at det er interesse for cupen og at laga melder seg på, avsluttar han. 


Vegstenging måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. juni 2021

Måndag føremiddag blir fv 6146 forbi Brustad stengt. Det er Mesta som melder dette på telefon til redaksjonen. Det skal skiftast ei stikkrenne som går over vegen ved Brustad. Mesta reknar med at arbeidet er ferdig i løpet av føremiddagen måndag, men kan ta litt lenger tid.